Utøvarar

Her finn du som utøvar eit kart med alle skulane, skjema til føring av reiserekning, evalueringsskjema og eit informasjonsskriv.

1) Kart

Alle skulane i fylket er avmerkte i kartet under. Grunnskular er merkt med grønt og vidaregåande raude.

Kartet er aktivt og du kan zoome deg inn anten ved å trykke på staden du vil zoome inn, eller ved å bruke navigatøren til venstre.

Kort forklaring til korleis ein brukar www.fylkesatlas.no 

2) Fylkesatlaset

Om du vil ha eit kart over heile fylket kan du bruke www.fylkesatlas.no

Her kan du zoome inn på den akturlle skulen, lage reiserute m.m.

3) Evalueringsskjema                                                                                                                                                         Alle utøvarar som turnérar skal gje ei tilbakemelding. Du kan anten fylle ut skjemaet  her eller sende ein e-post.. Tilbakemeldingar som utøvarar/grupper meiner hastar å formidle tilbake, bør i tillegg meldast per tlf. til ein i DKS-teamet.

4) Reiserekning

Skjema for føring av reiserekning ->

5) Honorarsatsar og rammeavtale
Sogn og Fjordane fylkeskommune følgjer «Rammeavtale om vilkår for oppdragstakere i Den kulturelle skolesekken i fylkeskommuner og kommuner"   

Satsar for oppdragstakarar (sjølvstending næringsdrivande):   

Frå 01.08.19 Kr 4644,-

Scenekunst

Ved engasjement av produksjonar som er ein del av Scenekunstbruket sitt repertoar gjeld prisar fastsett av Scenekunstbruket

6) Om å ta og distribuere bilete av elevar

Utøvarar i Den kulturelle skulesekken må kjenne til og overhalde reglane for fotografering og deling av bilder av barn. Du finn informasjon og brosjyre frå Datatilsynet om reglar og omsyn i høve bilete av barn og unge her.

7) Informasjonsskriv til utøvar ->