Strategiplan for DKS i Sogn og Fjordane, 2010- 2014

Strategiplan

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok den 8. juni strategiplanen som skal gjelde for ordninga Den kulturelle skulesekken dei neste fire åra.

Arbeidet med planen starta våren 2009. I tillegg til høyringar før det først utkastet vart forma (då kalla utviklingsplan), og i etterkant av utkast, har planen vore handsama i hovudutval for kultur og hovudutval for utdanning. Innspel frå drøftingar i utvala, og innspel frå kommunane o.a., er teke med i den endelege versjonen. 

Intensjonen med plandokumentet er at prioriteringar og tiltak som er lagt her, også vil vise igjen i kommunane, skulane og hos aktørar i Den kulturelle skulesekken framover.

Det er teke omsyn til at Den kulturelle skulesekken i perioden skal utviklast vidare innanforgrunnskule og vidaregåande skule. Dette er i samsvar med dei nasjonale føringane for ordninga.

Strategiplanen framhevar følgjande fire sentrale område:

Turneordning

Fagmiljø og kompetanse

Utviklingsarbeid i vidaregåande opplæring

Utviklingsarbeid i kommunane

Strategiplanen er tenkt å vere eit verktøy for fylkeskommunen. Prioriteringar av tiltak og bruk av økonomiske midlar og arbeidsressursar skal ha si forankring i strategiplanen. Desse skal konkretiserast i eigne handlingsprogram.  

DKS Strategiplan 2010-2014