Tonning skule

Tonning skule

Postadresse: Pb. 205, 6781 Stryn

Besøksadresse: Myrane 16, 6783 Stryn

Telefon: 57 87 06 00

E-post:sissel.brekke@gs.stryn.kommune.no (DKS kontakt), solbjorg.fjellkarstad@stryn.kommune.no (Rektor)

Kontaktperson: Sissel Brekke, 57870600, 41659866, sissel.brekke@gs.stryn.kommune.no

Tal på produksjonar: 3

  • Alle

Bufaste Tonar

Musikk, Trinn: 1-4
Engasjert trio med levande tradisjonsmusikk frå Sogn og Fjordane.Når vi er i lag med andre, kan det ofte vere fint med musikk til både spel, song og dans. Slik var det også før i tida. Slåttar, songar og stev vart lært vidare og spreidd til nye delar av landet. Dei beste spelemennene sette kvarandre i stemne på dei store marknadane til kappspel og for å tene seg ein slant. Dette var møtepunkt der slåttar og songar vart vidareført, og mange drog heim med ny musikk og nye musikalske impulsar.På konserten «Bufaste tonar» får elevane møte kvedaren Judith Vestreim i lag med Håkon Høgemo på hardingfele og Tom Karlsrud på trekkspel. Dei vil ta publikum med på ei folkemusikalsk reise der elevane får møte den levande tradisjonsmusikken frå Sogn og Fjordane, og sjølve få oppleve korleis folkemusikk kan vidareførast frå generasjon til generasjon i munnleg tradisjon. FørearbeidDet er fint om elevane lærer seg songane "Blaokodla" og "Da e no so fagert" på førehånd. De finn dei to songane både som notar med tekst og lydfiler i kolonna til høgre.God konsert!

Les for livet!

Litteratur, Trinn: 5-7
Les  for livet er ei teaterframsyning som løfter fram aktuell litteratur for barn og unge på nynorsk, og målet er å gje elevane leselyst. Les for livet er ei intenst spanande science fiction-forteljing der klima, venskap, samarbeid og kjensler er stikkord.  To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse et livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid!  I romsonden er det ein tidskapsel frå 2018. I den ligg det seks utvalde barne- og ungdomsbøker. Dei skal dramatisere scener frå bøkene, kome fram til kva for kjensler dei ulike tekstutdraga illustrerer og føre dei rette kjenslene inn i eit skjema på jakt etter eit endeleg løysingsord. Finn du orda. Finn du kjenslene. Finn du Jorda!, er eit mantra som går igjen i Les for livet! Dersom dei ikkje klarer å kome fram til dei rette kjenslene og løysingsordet innan seksti minutt, vil romsonden bli sprengt i filler. Dei to i romsonden les for livet!   På reisa tilbake til jorda dukkar vi inn i scener frå mellom andre Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland og Keeperen og havet av Maria Parr. 

Tungeskjærerne

Film, Trinn: 1-7
Vi er i Nord-Noreg, i landets største fiskerikommune, Øksnes i Vesterålen. Saman med fiskarar som sløyer torsk så blodet sprutar, står Tobias (10) bøygd over eit kar med avskorne torskehovud. Han svingar kniven skremmande kjapt, medan han skjær torsketunger som han trer ned på ein lang, skarp spikar. Vi møter også jenta Ylva frå Oslo, ho skal prøve å skjære tunger for første gong.På kaia har Tobias og hundretals andre barn tent eigne pengar frå 5-årsalderen. Dei arbeider som torsketungeskjærarar, og mange kan tene opp mot 50 000 kroner i løpet av vinteren. Denne jobben har alltid vore for barna, ein tradisjon som har vart like lenge som fiskeria i Nord-Noreg.
Uttrykksform
Åpne filter