Breim skule

Breim skule

Postadresse: Byrkjelo, 6826 Byrkjelo

Besøksadresse: Byrkjelo, 6826

Telefon: 57 86 62 13 / 99 08 54 46

Kontaktperson: Greta Sårheim Veien, 90766089, greta.veien@gloppen.kommune.no

Tal på produksjonar: 4

  • Alle

Les for livet!

Litteratur, Trinn: 5-7
Les  for livet er ei teaterframsyning som løfter fram aktuell litteratur for barn og unge på nynorsk, og målet er å gje elevane leselyst. Les for livet er ei intenst spanande science fiction-forteljing der klima, venskap, samarbeid og kjensler er stikkord.  To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse et livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid!  I romsonden er det ein tidskapsel frå 2018. I den ligg det seks utvalde barne- og ungdomsbøker. Dei skal dramatisere scener frå bøkene, kome fram til kva for kjensler dei ulike tekstutdraga illustrerer og føre dei rette kjenslene inn i eit skjema på jakt etter eit endeleg løysingsord. Finn du orda. Finn du kjenslene. Finn du Jorda!, er eit mantra som går igjen i Les for livet! Dersom dei ikkje klarer å kome fram til dei rette kjenslene og løysingsordet innan seksti minutt, vil romsonden bli sprengt i filler. Dei to i romsonden les for livet!   På reisa tilbake til jorda dukkar vi inn i scener frå mellom andre Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland og Keeperen og havet av Maria Parr. 

Møtepunkt himmel og jord

Annet, Trinn: 1-10
"Først er eg tamil, så er eg hindu, så er eg norsk " - Tenish (24) fødd og oppvaksen i Noreg med foreldre frå Sri Lanka.Sentrale emner i "Møtepunkt himmel og jord" er religiøst mangfald og integreringsproblematikk. Innhaldet kan knytast til tema som historie (kulturarv), arkitektur, geografi, norsk (med utvida tekstomgrep) eller tverrfagleg arbeid, i tillegg til RLE-faget i grunnskule og vgs.Møtepunkt himmel og jord består av film, nettside og ei ressurskasse med religiøse gjenstandar.

Tippe Tippe Tue - slåttar og stev, rim og regler

Musikk, Trinn: 1-7
Eit musikalsk møte med tre av våre fremste unge folkemusikararI dette programmet får elevane møte dei unge folkemusikarane Malin Alander, Ingrid Stuhaug og Ole Nilssen. Dei byr på ein variert og fengande meny med både gneistrande slåttespel, vakre folketonar, og eit knippe stev, rim og regler som elevane også skal få lære seg nokre av. Kanskje blir det tid til litt dans også?

Tungeskjærerne

Film, Trinn: 1-7
Vi er i Nord-Noreg, i landets største fiskerikommune, Øksnes i Vesterålen. Saman med fiskarar som sløyer torsk så blodet sprutar, står Tobias (10) bøygd over eit kar med avskorne torskehovud. Han svingar kniven skremmande kjapt, medan han skjær torsketunger som han trer ned på ein lang, skarp spikar. Vi møter også jenta Ylva frå Oslo, ho skal prøve å skjære tunger for første gong.På kaia har Tobias og hundretals andre barn tent eigne pengar frå 5-årsalderen. Dei arbeider som torsketungeskjærarar, og mange kan tene opp mot 50 000 kroner i løpet av vinteren. Denne jobben har alltid vore for barna, ein tradisjon som har vart like lenge som fiskeria i Nord-Noreg.
Uttrykksform
Åpne filter