Eikefjord barne- og ungdomsskule

Eikefjord barne- og ungdomsskule

Postadresse: Pb. 83, 6940 Eikefjord

Besøksadresse: Eikefjord ( sentrum ), 6941

Telefon: 57 75 62 60

Kontaktperson: Bjørn Wilhelmsen, 57756263, 94850335, bw504@floraskulen.no

Tal på produksjonar: 5

  • Alle

Adoptert nynorskforfattar

Litteratur, Trinn: 8-10
Kven er eg eigentleg? Dette spørsmålet har forfattaren Brynjulf Jung Tjønn frå Sogn og Fjordane stilt seg ofte. Då han vaks opp følte han seg annleis enn dei andre borna og lengta bort. Han flytta til Oslo og slutta å skrive på nynorsk. Men etter ei stund skjønte han at dette var feil. Etter å ha vakse opp med nynorsk, forstod han at nynorsken var alt for viktig del av identiteten hans.I denne produksjonen vil Tjønn gjennom ord og bilete vise kor viktig det nynorske språket er for han, kor tett språk og identitet heng saman, og korleis ei reise tilbake til fødelandet Sør-Korea fekk han til å forstå kvifor han blei forfattar. 

Farfars bombekrater

Scenekunst, Trinn: 1-7
"Fortel for meg, då farfar! Fortel om krigen! Om bomba som fall gjennom huset, om soldatane, og om den gangen du nesten vart arrestert!"I denne spennande teaterframsyninga får ein oppleve dramatiske, rare, triste og morosame historier om kvardagslivet i en doktorfamilie på Voss under andre verdskrig. Korleis var det å måtte ete lungemos og blodpudding til middag, gå rundt i sko laga av fiskeskinn og stadig vekk måtte søke dekning på grunn av flyalarm?

Dramatisk vart det på vesle Voss då bygda vart bomba i aprildagane i 1940. Doktorhuset vart treft av ei av bombene, og denne historia dannar ramma for Farfars bombekrater. Det er forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus som aleine spelar ut historiene som hennar farfar fortalte henne då ho var liten, gjennom forteljing, dramatisering, rollebytte, bilete og musikk.

Desse historiene kan ein også lese i biletboka «Farfars bombekrater», nydelig illustrert av Elisabeth Moseng. Boka kom ut på bergensforlaget Mangschou hausten 2015. Krig er eit vanskelig tema å formidle for barn, og dessverre også svært aktuelt i våre dagar. Farfars bombekrater gir et nært og konkret bilde av korleis krig kan påverke ein helt vanlig familie, og viser korleis håpet, humoren, medkjensle med andre menneske og motstandskraft kan bestå, trass i svært vanskelige kår.

Møtepunkt himmel og jord

Annet, Trinn: 1-10
"Først er eg tamil, så er eg hindu, så er eg norsk " - Tenish (24) fødd og oppvaksen i Noreg med foreldre frå Sri Lanka.Sentrale emner i "Møtepunkt himmel og jord" er religiøst mangfald og integreringsproblematikk. Innhaldet kan knytast til tema som historie (kulturarv), arkitektur, geografi, norsk (med utvida tekstomgrep) eller tverrfagleg arbeid, i tillegg til RLE-faget i grunnskule og vgs.Møtepunkt himmel og jord består av film, nettside og ei ressurskasse med religiøse gjenstandar.

Ringeren i Notre Dame

Scenekunst, Trinn: 5-7
- Spennande klassikar for born og unge !Ei natt blir eit lite deformert born funne på steintrappa til Notre Dame i Paris. Eit born ingen vil ha, eller vedkjenne seg. Tjue år seinare har bornet blitt ein ung mann, med eit veksande ynskje om å gå ut i verda utanfor katedralen og møte menneska der.Handlinga i Victor Hugos klassiske roman «Ringeren i Notre Dame» fra 1831 foregår i og omkring den veldige katedralen Notre Dame i Paris på 1400-tallet.  Historia om den pukkelryggede Quasimodo inneheld både komikk og tragedie, skrekk og romantikk. I botn ligg ei sterk forteljing om utanforskap som alle kan kjenne seg igjen i.Skodespelaren Anders Sanzén spelar på imponerande vis alle dei 25  forskjellige rollane, og har saman med musikar Bo Platzack hausta glitrande kritikkar for forestillinga.

Verken fugl eller fisk - i eit hav av plast

Visuell kunst, Trinn: 5-7
Verken Fugl eller Fisk - i eit hav av plastSaman med elevane undersøkjer miljøkunstnarane Kari Prestgaard og Astor Andersen korleis plastsøppel påvirkar livet i havet. Kva skjer med fuglane og fiskane langs kysten vår? Kan det å lage kunst av strandplast være med på å løyse dette veksande miljøproblemet? I samtale med elevane forsøker også kunstnarane å finne ut kva som gjer at noko kan kallast søppel.I ein to timars workshop arbeider elevane med plastbitar kunstnarane har samla på strender over heile verda. Alle materialer er vaska, rensa og sortert. Elevane sine arbeid vert fotografert og digitale filer vert sendt til skulane etter kvart som dei er klare . Dermed kan klassen sine bilder enkelt printast ut på ein fargeskrivar. Skulene vert oppfordra til å publisere og dele elevane sine arbeid på sosiale medier.Eit utvalg av bilda som vert laga på turnéen i fjor vart vist som utstilling på Stortinget i samband med Nordisk råds 70. sesjon i månadsskiftet oktober/november 2018. Prestgaard/Andersen donerte også to store kunstprint frå turneen i fjor haust til den direktesendte auksjonen under TV-aksjonen 2018.- Søppel finst ikkje, berre ressursar på avveg.Lenkjer til filmar, lærerveiledning og omtale av workshop ligg under bilete,videoar, lydklipp, vedlegg
Uttrykksform
Åpne filter