Luster oppvekstsenter

Luster oppvekstsenter

Postadresse: Lustravegen 3300 A, 6872 Luster

Besøksadresse: Lustravegen 3300 C, 6872 Luster

Telefon: 57 68 59 20 (Kontortelefon til rektor.), 95993505 (Mobil, rektor)

Kontaktperson: Eli Merete Moen, 57685920, eli.merete.moen@luster.kommune.no, Håvard Vinda, 95068520, havard.vinda@skule.luster.no

Tal på produksjonar: 3

  • Alle

Hus i hodet

Visuell kunst, Trinn: 1-4
Dette er eit prosjekt som handlar om forventning, estetikk, sjølvforståing, realfag, arkitektur og engasjement. Alle barn har eit ønskje om å "byggje og bu", ein stad å leike og drøyme. Gjennom utstillinga får barna reflektere over kva eit hus er, kva det betyr og korleis vi tenkjer rundt det. Samtidig får elevane demonstrert enkle geometriske, konstruksjonsmessige prinsipp gjennom dialog, leik, samarbeid  -  og utan avansert teknologi.Utstillinga består av 24 plansjar på 50 x 50 cm som viser ulike bygg frå heile verda, frå det store til det vesle, frå det normale og kjende til det spektakulære, frå eventyrpalass til utedo. Plansjane er trykte på 4 store, mjuke terningar med eit bilde på kvar side. Prosjektet legg opp til dialog med barna etterkvart som bilda blir kasta fram med treningane.Elevane får også sjå eit element (5x5 meter) i armert PVC-duk. Dette kan blåsast opp, formast og endrast frå flat madrass til ein vegg eller eit tak med gavl. Barna blir oppfordra til å sjå kva som er muleg å byggje med desse elementa, og gjennom samarbeid vil dei kunne endre form og plassering. Med terningane og elementet er det muleg å lage mange ulike bygg. Viss det er ønskjeleg kan ein også dokumentere prosessen ved å ta bilde.

Les for livet!

Litteratur, Trinn: 5-7
Les  for livet er ei teaterframsyning som løfter fram aktuell litteratur for barn og unge på nynorsk, og målet er å gje elevane leselyst. Les for livet er ei intenst spanande science fiction-forteljing der klima, venskap, samarbeid og kjensler er stikkord.  To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse et livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid!  I romsonden er det ein tidskapsel frå 2018. I den ligg det seks utvalde barne- og ungdomsbøker. Dei skal dramatisere scener frå bøkene, kome fram til kva for kjensler dei ulike tekstutdraga illustrerer og føre dei rette kjenslene inn i eit skjema på jakt etter eit endeleg løysingsord. Finn du orda. Finn du kjenslene. Finn du Jorda!, er eit mantra som går igjen i Les for livet! Dersom dei ikkje klarer å kome fram til dei rette kjenslene og løysingsordet innan seksti minutt, vil romsonden bli sprengt i filler. Dei to i romsonden les for livet!   På reisa tilbake til jorda dukkar vi inn i scener frå mellom andre Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland og Keeperen og havet av Maria Parr. 

Smeltedigelen

Musikk, Trinn: 1-7
Smeltedigel med spennande musikalske ingrediensarBli med inn i Distriktsmusikarane i Gloppen sin musikalske smeltedigel, og opplev deira unike blanding av uttrykk og stilartar i ein variert musikalsk meny frå opera til pop. Vi får høyre klassisk musikk av Pachelbel, Bach og litt opera av Handel blanda saman med popmusikk av Pharell WIlliams (Happy), Silja Sol (Dyrene) og Alan Walker (Faded). Elevane skal også medverke på deler av konserten, og vi ber om at dei syng med på refrenga på Faded ("Where are you now"), og at dei kan synge med på Dyrene og refrenget på Happy (sjå link til videoar på YouTube). Tekstane finn de som pdf-filer annan stad på denne sida. Elevane treng altså ikkje synge heile teksten, berre refrenga som står med utheva skrift. Særskilt for denne konsertenPublikumsoppsettet til denne konserten er ein trekant på ca. 7 x 7 x 7 meter, der musikarane står på den eine sida, og elevane sit mot kvarandre på dei andre to sidene. Det vert soleis eit sceneareal i midten der elevane sit på kvar side (sjå pdf med illustrasjon). 
Uttrykksform
Åpne filter