Feios skule

Feios skule

Postadresse: , 6895 Feios

Besøksadresse: Feios, 6895

Telefon: 57 69 63 40

Kontaktperson: Are Ytre Eide, 97959339, 57696340, are.ytre-eide@vik.kommune.no

Tal på produksjonar: 6

  • Alle

Eit lite stykke Brasil

Musikk, Trinn: 8-10
Gabriela, Per og Audun har gjennom åra lært seg ulike instrument, dei har vore innom mange forskjellige musikksjangrar og samarbeidd med mange musikarar dei har møtt på sin veg. Det bergenske musikkmiljøet førte desse tre saman, og dei fann raskt «tonen». Kjærleiken til den brasilianske musikken vart ein fellesnemnar. I konserten fortel dei korleis denne kjærleiken oppstod, og kva dei har gjort for å følgje draumane sine.Mange kjenner til sjangrane Bossa Nova og Samba, men trioen ønskjer òg å presentere musikk som sjeldan vert spelt utanfor Brasil.

Forfattarbesøk med Terje Torkildsen

Litteratur, Trinn: 8-10
Dette er eit forfattarbesøk der Terje Torkildsen les frå bøkene sine og snakkar med elevane om litteratur og lesing. Torkildsen har jobba som standup-komikar i 20 år og brukar mykje humor i formidlinga si. Forfattarbesøka hans blir gjerne kalla for standup-bokbad. Han skreddarsyr alltid opplegget etter ønskje frå lærarane og spørsmål frå elevane.Torkildsen debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco, og har sidan gitt ut ungdomsbøkene Dystopia 1-4, Arrfjes, Stavanger Stories 1-2 og i år kom Isla Bontia.

Hus i hodet

Visuell kunst, Trinn: 1-4
Dette er eit prosjekt som handlar om forventning, estetikk, sjølvforståing, realfag, arkitektur og engasjement. Alle barn har eit ønskje om å "byggje og bu", ein stad å leike og drøyme. Gjennom utstillinga får barna reflektere over kva eit hus er, kva det betyr og korleis vi tenkjer rundt det. Samtidig får elevane demonstrert enkle geometriske, konstruksjonsmessige prinsipp gjennom dialog, leik, samarbeid  -  og utan avansert teknologi.Utstillinga består av 24 plansjar på 50 x 50 cm som viser ulike bygg frå heile verda, frå det store til det vesle, frå det normale og kjende til det spektakulære, frå eventyrpalass til utedo. Plansjane er trykte på 4 store, mjuke terningar med eit bilde på kvar side. Prosjektet legg opp til dialog med barna etterkvart som bilda blir kasta fram med treningane.Elevane får også sjå eit element (5x5 meter) i armert PVC-duk. Dette kan blåsast opp, formast og endrast frå flat madrass til ein vegg eller eit tak med gavl. Barna blir oppfordra til å sjå kva som er muleg å byggje med desse elementa, og gjennom samarbeid vil dei kunne endre form og plassering. Med terningane og elementet er det muleg å lage mange ulike bygg. Viss det er ønskjeleg kan ein også dokumentere prosessen ved å ta bilde.

Les for livet!

Litteratur, Trinn: 5-7
Les  for livet er ei teaterframsyning som løfter fram aktuell litteratur for barn og unge på nynorsk, og målet er å gje elevane leselyst. Les for livet er ei intenst spanande science fiction-forteljing der klima, venskap, samarbeid og kjensler er stikkord.  To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse et livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid!  I romsonden er det ein tidskapsel frå 2018. I den ligg det seks utvalde barne- og ungdomsbøker. Dei skal dramatisere scener frå bøkene, kome fram til kva for kjensler dei ulike tekstutdraga illustrerer og føre dei rette kjenslene inn i eit skjema på jakt etter eit endeleg løysingsord. Finn du orda. Finn du kjenslene. Finn du Jorda!, er eit mantra som går igjen i Les for livet! Dersom dei ikkje klarer å kome fram til dei rette kjenslene og løysingsordet innan seksti minutt, vil romsonden bli sprengt i filler. Dei to i romsonden les for livet!   På reisa tilbake til jorda dukkar vi inn i scener frå mellom andre Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland og Keeperen og havet av Maria Parr. 

Smeltedigelen

Musikk, Trinn: 1-7
Smeltedigel med spennande musikalske ingrediensarBli med inn i Distriktsmusikarane i Gloppen sin musikalske smeltedigel, og opplev deira unike blanding av uttrykk og stilartar i ein variert musikalsk meny frå opera til pop. Vi får høyre klassisk musikk av Pachelbel, Bach og litt opera av Handel blanda saman med popmusikk av Pharell WIlliams (Happy), Silja Sol (Dyrene) og Alan Walker (Faded). Elevane skal også medverke på deler av konserten, og vi ber om at dei syng med på refrenga på Faded ("Where are you now"), og at dei kan synge med på Dyrene og refrenget på Happy (sjå link til videoar på YouTube). Tekstane finn de som pdf-filer annan stad på denne sida. Elevane treng altså ikkje synge heile teksten, berre refrenga som står med utheva skrift. Særskilt for denne konsertenPublikumsoppsettet til denne konserten er ein trekant på ca. 7 x 7 x 7 meter, der musikarane står på den eine sida, og elevane sit mot kvarandre på dei andre to sidene. Det vert soleis eit sceneareal i midten der elevane sit på kvar side (sjå pdf med illustrasjon). 

Tidskapselen, Sogn folkemuseum.

Kulturarv, Trinn: 9
I samarbeid har Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane utvikla tilbodet "Tidskapselen", der målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø.
«Tidskapselen» har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?Gjennom dette tilbodet vil DKS Sogn og Fjordane gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i Sogn og Fjordane spesielt. "Tidskapselen" er eit årleg tilbod og vert arrangert for tredje gong i år.Museumsdagane ved dei fleste musea vert arrangert i september/oktober. «Tidskapselen » er eit heildagstilbod, og så langt råd er skal elevane få tilbodet innan ordinær skuletid. Informasjon om dato for besøk finn de i turnéplanen.

Viktig praktisk informasjon:
  • Elevane skal i hovudsak vere utandørs og det er difor viktig at dei kler seg etter vêret. Dei må også ha med seg matpakke og noko å drikke.

  • Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til DKS. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport kan skulen sende faktura til DKS for kostnadane med dette. Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport.

  • Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. Musea tek kontakt med kvar skule for å avtale detaljane kring frammøte, avreise osv.
Fakturaadresse for transport
Sogn og Fjordane fylkeskommune, løn- og rekneskapsavdelinga, Askedalen 2, 6863 LEIKANGER. Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen ».​​​​​​​
Uttrykksform
Åpne filter