Utforsk våre produksjonar og sjå kva som skjer

Gå til kommune eller skule

DKS - Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde

Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde

Telefon: 576 38 000, 95222168

E-post:oyvind.hostaker@vlfk.no

Kontaktperson:Øyvind Høstaker

Tal på produksjonar: 21

  • Alle
  • Grunnskule
  • VGS

Bufaste Tonar

Musikk, Trinn: 1-4
Engasjert trio med levande tradisjonsmusikk frå Sogn og Fjordane.Når vi er i lag med andre, kan det ofte vere fint med musikk til både spel, song og dans. Slik var det også før i tida. Slåttar, songar og stev vart lært vidare og spreidd til nye delar av landet. Dei beste spelemennene sette kvarandre i stemne på dei store marknadane til kappspel og for å tene seg ein slant. Dette var møtepunkt der slåttar og songar vart vidareført, og mange drog heim med ny musikk og nye musikalske impulsar.På konserten «Bufaste tonar» får elevane møte kvedaren Judith Vestreim i lag med Håkon Høgemo på hardingfele og Tom Karlsrud på trekkspel. Dei vil ta publikum med på ei folkemusikalsk reise der elevane får møte den levande tradisjonsmusikken frå Sogn og Fjordane, og sjølve få oppleve korleis folkemusikk kan vidareførast frå generasjon til generasjon i munnleg tradisjon. FørearbeidDet er fint om elevane lærer seg songane "Blaokodla" og "Da e no so fagert" på førehånd. De finn dei to songane både som notar med tekst og lydfiler i kolonna til høgre.God konsert!

Eit lite stykke Brasil

Musikk, Trinn: 8-10
Gabriela, Per og Audun har gjennom åra lært seg ulike instrument, dei har vore innom mange forskjellige musikksjangrar og samarbeidd med mange musikarar dei har møtt på sin veg. Det bergenske musikkmiljøet førte desse tre saman, og dei fann raskt «tonen». Kjærleiken til den brasilianske musikken vart ein fellesnemnar. I konserten fortel dei korleis denne kjærleiken oppstod, og kva dei har gjort for å følgje draumane sine.Mange kjenner til sjangrane Bossa Nova og Samba, men trioen ønskjer òg å presentere musikk som sjeldan vert spelt utanfor Brasil.

Forfattarbesøk med Terje Torkildsen

Litteratur, Trinn: 8-10
Dette er eit forfattarbesøk der Terje Torkildsen les frå bøkene sine og snakkar med elevane om litteratur og lesing. Torkildsen har jobba som standup-komikar i 20 år og brukar mykje humor i formidlinga si. Forfattarbesøka hans blir gjerne kalla for standup-bokbad. Han skreddarsyr alltid opplegget etter ønskje frå lærarane og spørsmål frå elevane.Torkildsen debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco, og har sidan gitt ut ungdomsbøkene Dystopia 1-4, Arrfjes, Stavanger Stories 1-2 og i år kom Isla Bontia.

Forfattarmøte: Anders Totland

Litteratur, Trinn: 8-10
Verda er i forandring. Klimaendringar, kva skjer og kvifor skjer det? Er det mogleg å forstå, mogleg å gjere noko med?  Kva betyr vår livsstil for miljøet? Korleis kan ein ta miljøvenlege val? Og er vi eigentleg villige til å gjere grepa som må til?

Anders Totland er ein samfunnsengasjert sakprosaforfattar som har skrive ein tekst som tematiserer natur-, miljø- og klimautfordringar i vår tid. Med utgangspunkt i dyrevelferd, matproduksjon og overforbruk inviterer han elevane til å diskutere kva som er i ferd med å skje med jordkloden og naturen rundt oss.
Totland gir vidare eit innblikk i forfattarprosessen, korleis oppstår idéar, kvar finn han inspirasjon, kvifor skriv han for ungdom?Kommunar: Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Årdal, AurlandTurneperiode: veke 37 og 38

Geitejazz (Sogn og Fjordane Teater)

Scenekunst, Trinn: 1-4
I denne forestillinga inviterer Idun Losnegård og Jacob Wyrtz elevane til å vere med på ein oppjazza versjon av eventyret «Ulven og dei sju geitekillingane». 

I eventyret møter vi geitemamma og dei sju geitekillingane hennar, i tillegg til ein litt småsvolten ulv. Ein dag må geitemora ut for å leite etter mat og dei sju killingane må vere att aleine heime. Ho gir killingane sine streng beskjed om at dei ikkje må opne døra for nokon, og iallfall ikkje ulven. Killingane gjer så godt dei kan, men ulven kan mange triks som ein må ha levd i fleire geiteår for å kunne gjennomskue. Han et krit for å gjere stemma mildare, og han drysser mjøl på dei svarte labbane sine. Klarer han til slutt å setje tennene i det møre kjøtet deira...? 
Distriktsmusikar og gitarist Jacob og skodespelar og songar Idun elskar å lage musikk saman med born. I denne framsyninga brukar dei improviserte jazzrytmar og musikalske krumspring for å gjere forteljinga meir levande. Men Idun og Jacob er også heilt avhengige av hjelp frå publikum til å få til den rette grooven. Elevane skal difor få vere å lage lyden av det bankande hjartet til killingen som gøymer seg i klokkeskåpet, og ikkje minst uvêret som bryt laust når ulven brått står midt på stovegolvet.Førearbeid
Viktig melding frå Idun og Jacob i Geitejazz:
Geitejazz vil gjerne ha teikningar frå elevane! Teikn ein eventyrfigur, gjerne frå favoritteventyret ditt eller kanskje frå eit eventyr som du hugsar veldig godt? Det kan vere eit stort eller lite dyr, eit rart vesen, eit tøysete troll eller ei morsom jente eller gut eller person - du bestemmer sjølv!  Bruk masse fargar og fyll ut heile arket.  Vi skal bruke lommelykt til å lyse på teikningane, og då er det supert med mange fargar på arka:-)Vi vil bruke eventyra i byrjinga av forestillinga!  Heng opp teikningane i rommet der framsyninga skal vere (men ikkje på den veggen der vi skal stå - der kjem ein bakvegg).  Heng gjerne opp på begge sider av sceneområdet.  Dersom de må reise til ein annan skule for å vere med på framsyninga, ta teikningane med!Takk frå Geitejazz!

Hus i hodet

Visuell kunst, Trinn: 1-4
Dette er eit prosjekt som handlar om forventning, estetikk, sjølvforståing, realfag, arkitektur og engasjement. Alle barn har eit ønskje om å "byggje og bu", ein stad å leike og drøyme. Gjennom utstillinga får barna reflektere over kva eit hus er, kva det betyr og korleis vi tenkjer rundt det. Samtidig får elevane demonstrert enkle geometriske, konstruksjonsmessige prinsipp gjennom dialog, leik, samarbeid  -  og utan avansert teknologi.Utstillinga består av 24 plansjar på 50 x 50 cm som viser ulike bygg frå heile verda, frå det store til det vesle, frå det normale og kjende til det spektakulære, frå eventyrpalass til utedo. Plansjane er trykte på 4 store, mjuke terningar med eit bilde på kvar side. Prosjektet legg opp til dialog med barna etterkvart som bilda blir kasta fram med treningane.Elevane får også sjå eit element (5x5 meter) i armert PVC-duk. Dette kan blåsast opp, formast og endrast frå flat madrass til ein vegg eller eit tak med gavl. Barna blir oppfordra til å sjå kva som er muleg å byggje med desse elementa, og gjennom samarbeid vil dei kunne endre form og plassering. Med terningane og elementet er det muleg å lage mange ulike bygg. Viss det er ønskjeleg kan ein også dokumentere prosessen ved å ta bilde.

Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

Musikk, Trinn: 1-7
Til konserten "Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar" har Lena Skjerdal, Knut Lothe og Erik Halvorsen komponert ny musikk for born basert på nynorske dikt skrivne av Lisbeth Dreyer. Dikta vart utgjevne i 2014 på Skald forlag og er illustrert av Per Ragnar Møkleby. Dikta er alle på rim og fortel på underfundig vis om livet i fjorden og i fjæresteinane. Tekstane inviterar til musikalsk fabulering, rytmiske og groovebaserte låtar, alt frå slentrande blues til stram tango og lyriske svev – alle med improvisasjon og leik som gjennomgåande element, med kommunikasjon og medverknad frå publikum i høgsetet.Musikarane har henta inspirasjon frå både norsk folkemusikk, reggae, nord-indisk ragabasert musikk, balkaninspirert folkemusikk, tango, amerikansk soulfunk, vest-afrikansk call-response - alt med utgangspunkt i opne øyre og levande samspel. FørearbeidPå konserten vil elevane få høyre om mange av fantane i fjæra. Forutan Konrad Kråkebolle, Enevald Eremittkreps og Bella Blåskjell, vil dei bli meir kjende med ma. Karelius Krabbe, Sabine Strandsnigel, Rikarda Reke og Siv Sjøanemone. Det er flott om elevane på førehand kan teikne eller male sine versjonar av nokre av desse fjærefantane til pynt i konsertlokalet.  Kulturtanken, Høgskulen på Vestlandet og DKS Sogn og Fjordane og er samarbeidspartar i utviklinga av dette konsertprosjektet.

Les for livet!

Litteratur, Trinn: 5-7
Les  for livet er ei teaterframsyning som løfter fram aktuell litteratur for barn og unge på nynorsk, og målet er å gje elevane leselyst. Les for livet er ei intenst spanande science fiction-forteljing der klima, venskap, samarbeid og kjensler er stikkord.  To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse et livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid!  I romsonden er det ein tidskapsel frå 2018. I den ligg det seks utvalde barne- og ungdomsbøker. Dei skal dramatisere scener frå bøkene, kome fram til kva for kjensler dei ulike tekstutdraga illustrerer og føre dei rette kjenslene inn i eit skjema på jakt etter eit endeleg løysingsord. Finn du orda. Finn du kjenslene. Finn du Jorda!, er eit mantra som går igjen i Les for livet! Dersom dei ikkje klarer å kome fram til dei rette kjenslene og løysingsordet innan seksti minutt, vil romsonden bli sprengt i filler. Dei to i romsonden les for livet!   På reisa tilbake til jorda dukkar vi inn i scener frå mellom andre Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland og Keeperen og havet av Maria Parr. 

MELTING

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Veit du eigentleg kor mange gonger du kan fly til Thailand før jorda går under? Eller kor mykje CO2 det kostar å laga ei teaterframsyning?MELTING er tre ting på ei gong; føredrag, konsert og teater. MELTING er politisk analyse, musikk framført på vinglas, og ein enorm roterande installasjon som fyller scenen og gir assosiasjonar til verdsrommet. Det handlar både om det store systemet og det vesle mennesket. – Kva skjer når isen smeltar? Når økonomien smeltar?
– Kva skjer når samfunnet, velferdsstaten, fellesskapet, offentleg kunstfinansiering og framtidsutsiktene våre smelter?MELTING er eit samarbeid mellom Amund Sjølie Sveen, installasjonskunstnar Lawrence Malstaf og musikarane i Slagr.FØREBUING
Sjå pdf med førebuingsopplegg - kan lastast ned frå kolonna til høgre. 

Møtepunkt himmel og jord

Annet, Trinn: 1-10
"Først er eg tamil, så er eg hindu, så er eg norsk " - Tenish (24) fødd og oppvaksen i Noreg med foreldre frå Sri Lanka.Sentrale emner i "Møtepunkt himmel og jord" er religiøst mangfald og integreringsproblematikk. Innhaldet kan knytast til tema som historie (kulturarv), arkitektur, geografi, norsk (med utvida tekstomgrep) eller tverrfagleg arbeid, i tillegg til RLE-faget i grunnskule og vgs.Møtepunkt himmel og jord består av film, nettside og ei ressurskasse med religiøse gjenstandar.

Ringeren i Notre-Dame

Scenekunst, Trinn: 5-7
- Spennande klassikar for born og unge !Ei natt blir eit lite deformert born funne på steintrappa til Notre Dame i Paris. Eit born ingen vil ha, eller vedkjenne seg. Tjue år seinare har bornet blitt ein ung mann, med eit veksande ynskje om å gå ut i verda utanfor katedralen og møte menneska der.Handlinga i Victor Hugos klassiske roman «Ringeren i Notre Dame» fra 1831 foregår i og omkring den veldige katedralen Notre Dame i Paris på 1400-tallet.  Historia om den pukkelryggede Quasimodo inneheld både komikk og tragedie, skrekk og romantikk. I botn ligg ei sterk forteljing om utanforskap som alle kan kjenne seg igjen i.Skodespelaren Anders Sanzén spelar på imponerande vis alle dei 35  forskjellige rollane, og har saman med musikar Bo Platzack hausta glitrande kritikkar for forestillinga.

Tidskapselen, Kvernsteinsparken.

Kulturarv, Trinn: 9
Elevane blir betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø.
"Tidskapselen" er utvikla i samarbeid mellom Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane. Tilbodet har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får gjennom praktisk arbeid og erfaring betre kjennskap til ressursutnytting og sjølvberging i tidlegare tider. Dei får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?Gjennom dette tilbodet vil DKS Sogn og Fjordane gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i Sogn og Fjordane spesielt. "Tidskapselen" er eit årleg tilbod og vert arrangert for tredje gong i år.«Tidskapselen » er eit heildagstilbod, og så langt råd er skal elevane få tilbodet innan ordinær skuletid. Informasjon om dato for besøk finn de i turnéplanen. Museumsdagane ved dei fleste musea vert arrangert i september/oktober, og nokre vert arrangert på våren (april/mai).Viktig praktisk informasjon:
  • Elevane skal i hovudsak vere utandørs og det er difor viktig at dei kler seg etter vêret. Dei må også ha med seg matpakke og noko å drikke.

  • Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til oss. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport kan skulen sende faktura til DKS for kostnadane med dette. Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport.

  • Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. Museet tek direkte kontakt  med kvar skule for å avtale detaljane kring frammøte, avreise osv.
Fakturaadresse for transport: Vestland fylkeskommune tek berre imot EHF- faktura. Org.nr: 821 311 632. Fakturaen må innehalde informasjon om kva skule/skular den gjeld og dato for transporten. Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen v/ Solfrid Bygstad, tilsettnummer» (tilsettnummeret blir lagt ut etter 1.1.2020).
Meir spesifikk informasjon om tilbodet i Kvernsteinsparken våren 2020 vert lagt ut innan kort tid.

Tidskapselen, Kystmuseet.

Kulturarv, Trinn: 8-9
Elevane blir betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø.
"Tidskapselen" er utvikla i samarbeid mellom Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane. Tilbodet har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får gjennom praktisk arbeid og erfaring betre kjennskap til ressursutnytting og sjølvberging i tidlegare tider. Dei får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?Gjennom dette tilbodet vil DKS Sogn og Fjordane gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i Sogn og Fjordane spesielt. "Tidskapselen" er eit årleg tilbod og vert arrangert for tredje gong i år.«Tidskapselen » er eit heildagstilbod, og så langt råd er skal elevane få tilbodet innan ordinær skuletid. Informasjon om dato for besøk finn de i turnéplanen. Museumsdagane ved dei fleste musea vert arrangert i september/oktober, og nokre vert arrangert på våren (april/mai).Viktig praktisk informasjon:
  • Elevane skal i hovudsak vere utandørs og det er difor viktig at dei kler seg etter vêret. Dei må også ha med seg matpakke og noko å drikke.

  • Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til oss. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport kan skulen sende faktura til DKS for kostnadane med dette. Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport.

  • Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. Museet tek direkte kontakt  med kvar skule for å avtale detaljane kring frammøte, avreise osv.
Fakturaadresse for transport:
Vestland fylkeskommune tek berre imot EHF- faktura. Org.nr: 821 311 632. Fakturaen må innehalde informasjon om kva skule/skular den gjeld og dato for transporten. Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen v/ Solfrid Bygstad, tilsettnummer» (tilsettnummeret blir lagt ut etter 1.1.2020).
Meir spesifikk informasjon om tilbodet ved Kystmuseet våren 2020 vert lagt ut innan kort tid.

Tippe tippe tue

Musikk, Trinn: 1-7
Eit musikalsk og leikent møte med tre av våre fremste unge folkemusikararI dette programmet får elevane møte dei unge folkemusikarane Malin Alander, Ingrid Stuhaug og Ole Nilssen. Dei byr på ein variert og fengande meny med både gneistrande slåttespel, vakre folketonar, og eit knippe stev, rim og regler som elevane også skal få lære seg nokre av. Kanskje blir det litt dans også?FørearbeidDet er fint om elevane får gjere seg kjende med songen "Tippe Tippe Tue" som ligg vedlagt som pdf og lydfil (sjå kolonna til høgre). Songen vil bli framført i starten av konserten, og elevane skal får vere med for fullt seinare i programmet.Praktisk konsertførebuing• Sceneoppsett: Det er lagt ut ei skisse (pdf-dokument i kolonna til høgre) på korleis utøvarane ser føre seg oppsettet av stolar. Det er tenkt ein halvsirkel med diameter 6-7 meter midt på sceneområdet, med eit "mini-amfi" rundt. Det vil seie matter fremst, så benkar og stolar. Det må også setjast fram eit bord til musikarane, og det må vere eit straumuttak nær sceneområdet. ​​​​​​​
• Aldersblanding: På skular med fleire konsertar er det fint med aldersblanding på konsertane. 
​​​​​​​• Ankomst: Musikarane kjem til skulen omlag 45 min. før konserten startar. 
• Bærehjelp: Musikarane vil gjerne ha hjelp av 2 elevar til å bere inn litt utstyr når dei kjem.

God konsert!


Tungeskjærerne

Film, Trinn: 1-7
Vi er i Nord-Noreg, i landets største fiskerikommune, Øksnes i Vesterålen. Saman med fiskarar som sløyer torsk så blodet sprutar, står Tobias (10) bøygd over eit kar med avskorne torskehovud. Han svingar kniven skremmande kjapt, medan han skjær torsketunger som han trer ned på ein lang, skarp spikar. Vi møter også jenta Ylva frå Oslo, ho skal prøve å skjære tunger for første gong.På kaia har Tobias og hundretals andre barn tent eigne pengar frå 5-årsalderen. Dei arbeider som torsketungeskjærarar, og mange kan tene opp mot 50 000 kroner i løpet av vinteren. Denne jobben har alltid vore for barna, ein tradisjon som har vart like lenge som fiskeria i Nord-Noreg.

Tyleprat og fotside bogedrag

Musikk, Trinn: Vaksne
I denne framsyninga tek Jens Brekke og Vidar Underseth publikum med seg til Vikøyri på byrjinga av 1960-talet, der ein mellom anna vil få møte karane på Lassabeinkjen. Jens, som sjølv kjem frå Vik, seier det slik: - Der vart adle sakje tekne opp, utan saklista og utan aostemming. Her va da sjølva prate so va da adle viktigaste, og ikkje minst – tylepratet! I tillegg til lett og ledig tyleprat vil det også verte ein rikhaldig meny av både slåttar og bogedrag, stubbar og dikt frå både Voss og Fjaler, hesten Rimfakse og Gjest Baardsen, eller som dei to seier, både hest og Gjest!Jens Brekke og Vidar Underseth er to av dei dyktigaste folkekunstnarane vi har. Jens er den fyrste i landet som har fått fartsbot på nynorsk, og Vidar er A-klassing på både fele og hardingfele, og kongepokalvinnar i dans. Regien er ved Gunn Tone Moen og Øyvind Lyslo, og framsyninga er produsert av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Verken fugl eller fisk - i eit hav av plast

Visuell kunst, Trinn: 5-7
Verken Fugl eller Fisk - i eit hav av plastSaman med elevane undersøkjer miljøkunstnarane Kari Prestgaard og Astor Andersen korleis plastsøppel påvirkar livet i havet. Kva skjer med fuglane og fiskane langs kysten vår? Kan det å lage kunst av strandplast være med på å løyse dette veksande miljøproblemet? I samtale med elevane forsøker også kunstnarane å finne ut kva som gjer at noko kan kallast søppel.I ein to timars workshop arbeider elevane med plastbitar kunstnarane har samla på strender over heile verda. Alle materialer er vaska, rensa og sortert. Elevane sine arbeid vert fotografert og digitale filer vert sendt til skulane etter kvart som dei er klare . Dermed kan klassen sine bilder enkelt printast ut på ein fargeskrivar. Skulene vert oppfordra til å publisere og dele elevane sine arbeid på sosiale medier.Eit utvalg av bilda som vert laga på turnéen i fjor vart vist som utstilling på Stortinget i samband med Nordisk råds 70. sesjon i månadsskiftet oktober/november 2018. Prestgaard/Andersen donerte også to store kunstprint frå turneen i fjor haust til den direktesendte auksjonen under TV-aksjonen 2018.- Søppel finst ikkje, berre ressursar på avveg.Lenkjer til filmar, lærerveiledning og omtale av workshop ligg under bilete,videoar, lydklipp, vedlegg

Vesleblakken

Scenekunst, Trinn: 1-4
Framsyninga Vesleblakken er ei dramatisering av novella med same namn av Rendalsforfatteren Jacob Breda Bull. Novella vart gjeven ut  i samlinga Prestegårdshistorier (1914), og på sett og vis gjort udødelig då Nordahl Rolfsen tok den med i boka «Lesebok for folkeskolen.»Novella vert framstilt som eit autentisk barndomsminne frå forfatteren sin oppvekst: ein bror er dødssjuk, og legehjelp må hentast frå Tynset. Hesten Vesleblakken er både den raskeste hesten på garden og borna sin kjæraste ven, og det fell på drengen Ola Jonsen Styggpåjord å drive hesten til døde for å hente legen tidsnok.

Digital litteratur Bjørn Ingvaldsen

Litteratur, Trinn: 5-7
Våren 2020 tilbyr DKS nokre digitale tilbod. Tanken er at skulane lett kan formidle desse tilboda til elevane gjennom digitale medie. Under her ligg det også ei lærarrettleiing som seier meir om produksjonen.Bjørn Ingvaldsen er ein av landets mest erfarne DKS-formidlarar, tidligare leiar av Noregs Bygdeumdomslag (NBU) og prisløna forfattar. Han er initiativtakar til det digitale formidlingsopplegget i DKS. Han har mellom anna vore nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur, Uprisen, Bokslukerprisen og Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris.Informasjon frå Kulturtanken om digital kulturformidling i DKS

Digital litteratur Jan Tore Noreng

Litteratur, Trinn: 8-10
Våren 2020 tilbyr DKS nokre digitale tilbod. Tanken er at skulane lett kan formidle desse tilboda til elevane gjennom digitale medie. Under her ligg det også ei lærarrettleiing som seier meir om produksjonen. Jan Tore Noreng er forfattar,  har undervist i kreativ skriving og har jobba som lærar i mange år.
Den siste boka hans er Kunsten å tryne (2020). Han fekk Uprisen i 2016 for #alfahann og blei nominert til ARKs barnebokpris i 2011 for Dødens skole.Informasjon frå Kulturtanken om digital kulturformidling i DKS

Digital litteratur Linde Hagerup

Litteratur, Trinn: 1-4
Våren 2020 tilbyr DKS nokre digitale tilbod. Tanken er at skulane lett kan formidle desse tilboda til elevane gjennom digitale medie. Under her ligg det også ei lærarrettleiing som seier meir om produksjonen. Linde Hagerup er forfattar, skrivelærar og avisspaltist. Ho var berre 17 år da ho kom inn på Skrivekunstakademiet i Bergen, som ei av dei yngste noensinne.
Ho mottok Kirke- og kulturdepartementets illustrasjonspris for diktssamlinga “Verdens største gorrilla og andre rim”.Informasjon frå Kulturtanken om digital kulturformidling i DKS
Uttrykksform
Målgruppe
Tidspunkt
Åpne filter