Tilbake
Eivind Kaasin
Mari Skeie Ljones
Firda Tidend

Tippe Tippe Tue - slåttar og stev, rim og regler

Eit musikalsk møte med tre av våre fremste unge folkemusikarar

I dette programmet får elevane møte dei unge folkemusikarane Malin Alander, Ingrid Stuhaug og Ole Nilssen. Dei byr på ein variert og fengande meny med både gneistrande slåttespel, vakre folketonar, stev, rim og regler, som elevane også skal få lære seg nokre av. Kanskje blir det tid til litt dans også?

Lærarrettleiing

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Malin Alander, Ingrid Stuhaug og Ole Nilssen
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e--post: oyvind.lyslo@sfj.no

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Malin Victoria Alander er frå Sandane og har halde på med song heile livet. Då ho var rundt 12 år oppdaga ho folkesongen og det førte til at ho tok utdanning ved Norges Musikkhøgskole med Unni Løvlid som lærar. Ho har tidligare gått i lære hos Elin Grytting og Eli Storbekken. Malin jobbar gjerne med prosjekt der folkemusikken møter andre sjangerar, og har sidan hausten 2019 vore tilsett som distriktsmusikar i Gloppen.

Ingrid Schei Stuhaug kjem frå Naustdal. Ho speler hardingfele i Gamlebanken spelemannslag, Team GløsTøs og Ingrid & Co. Ingrid splar mykje runddans og har jobba mykje med slåttar etter Anders Kjerland og Torleiv Bolstad. Ingrid har tidlegare jobba i FolkOrg. Ho har vore tilsett som distriktsmusikarar på hardingfele i Førde sidan hausten 2019. 

Ole Nilssen  er frå Løten i Hedmark, og har utdanninga si frå Norges musikkhøgskole i Oslo og NTNU i Trondheim. Han spelar både trekkspel og toradar i tillegg til at han er ein dyktig dansar. I tillegg til å vere solist, ensemblemusiker og dansespelemann, arbeider han også som instruktør både i dans og spel. Ole har vunne Folkelarmprisen og FolkOrg sin talentpris INTRO-folk. Han har vore tilsett som distriktsmusikar i Førde sidan hausten 2019.


Publikumskommentarer