Tilbake
Bufaste tonar
Bufaste tonar

Bufaste Tonar

Engasjert trio med levande tradisjonsmusikk frå Sogn og Fjordane.

Når vi er i lag med andre, kan det ofte vere fint med musikk til både spel, song og dans. Slik var det også før i tida. Slåttar, songar og stev vart lært vidare og spreidd til nye delar av landet. Dei beste spelemennene sette kvarandre i stemne på dei store marknadane til kappspel og for å tene seg ein slant. Dette var møtepunkt der slåttar og songar vart vidareført, og mange drog heim med ny musikk og nye musikalske impulsar.

På konserten «Bufaste tonar» får elevane møte kvedaren Judith Vestreim i lag med Håkon Høgemo på hardingfele og Tom Karlsrud på trekkspel. Dei vil ta publikum med på ei folkemusikalsk reise der elevane får møte den levande tradisjonsmusikken frå Sogn og Fjordane, og sjølve få oppleve korleis folkemusikk kan vidareførast frå generasjon til generasjon i munnleg tradisjon. 

Førearbeid

Det er fint om elevane lærer seg songane "Blaokodla" og "Da e no so fagert" på førehånd. De finn dei to songane både som notar med tekst og lydfiler i kolonna til høgre.

God konsert!



Lærarrettleiing

Last ned:
Hent plakaten her:

Lenkje plakat

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Judith Vestrheim, Håkon Høgemo, Tom Karlsrud
  • Produsent: Øyvind Lyslo, e-post oyvind.lyslo@sfj.no, mob. 90 11 34 33
  • Idé/ opplegg: Musikarane

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Judit Vestrheim (folkesong), Tom Karlsrud (trekkspel) og Håkon Høgemo (hardingfele) er tre av våre fremste tradisjonsberarar innan folkemusikk. Dei har i trioen Bufaste tonar gjort folkemusikk hovdudsakleg frå Sogn levande og har lang erfaring med formidling til born. Dei har gjort mange CD-innspelingar, både saman og kvar for seg. 

Publikumskommentarer