Tilbake
Chrisander Brun
Chrisander Brun

Goodbye Kitty

- Teaterforestilling, konsert og fest på same tid !

Kven vil du vere om du kan velje heilt sjølv? Kan du vri og vende på verda slik du kjennar den, og dytte på rammane som fortel deg korleis du «må» vere? Born og ungdom har fortald om kven dei vil vere og kven de vil bli, om forbilder og Hello Kitty, om rosa og blått, om kva som er normalt og unormalt. Det har blitt til framsyninga "Goodbye Kitty".

"Goodbye Kitty" er ei fargerik og grensesprengande framsyning for born. På same tid ein avskjedsfest og velkomstfest. For når ein seier farvel til noko, seier ein samtidig velkommen til noko annet. Velkommen til å sjå verda litt på nytt !

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Idé/ opplegg: Regi:  Rebekka Nystabakk og Huy Le Vo, Scenograf, kostymedesign og lysdesign:  Chrisander Brun, Komponist/utøvar:  Rakel Nystabakk, Med:  Ellen Andreassen, Lars August Jørgensen, Magnus Myhr, Produsent:  Annika Ostwald. Støtta av:  Norsk kulturråd, Spenn.no, Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde, Dramatikkens hus og Fond for frilansere. ​​​​​​​

Publikumskommentarer