Tilbake
LP
LP
LP

Ringeren i Notre-Dame

- Spennande klassikar for born og unge !

Ei natt blir eit lite deformert born funne på steintrappa til Notre Dame i Paris. Eit born ingen vil ha, eller vedkjenne seg. Tjue år seinare har bornet blitt ein ung mann, med eit veksande ynskje om å gå ut i verda utanfor katedralen og møte menneska der.

Handlinga i Victor Hugos klassiske roman «Ringeren i Notre Dame» fra 1831 foregår i og omkring den veldige katedralen Notre Dame i Paris på 1400-tallet.  Historia om den pukkelryggede Quasimodo inneheld både komikk og tragedie, skrekk og romantikk. I botn ligg ei sterk forteljing om utanforskap som alle kan kjenne seg igjen i.

Skodespelaren Anders Sanzén spelar på imponerande vis alle dei 25  forskjellige rollane, og har saman med musikar Bo Platzack hausta glitrande kritikkar for forestillinga.

Lærarrettleiing

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Idé/ opplegg: Basert på ein roman av Victor Hugo. Konsept og dramatisering: Anders Sanzén og Bo Platzack, Kostymer: Anne Esbjug, Teknikk: Magne Gjeraker, Produsent: Sandra Sandbye. Produsert av Akershus Teater og Sanzén produktioner. ​​​​​​​

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer

Godt førebuingsmateriell, elevane var godt førebudd og vi såg effekten av det. Framifrå utførelse av alle aktørar. Lyd og lyseffekt var med på å gjere historia og forestillinga god og engasjerande.Publisert av: Gunnfried Sund (klasse - Krokane skule) – 11.9.2019 10:34