Tilbake
Øyvind Lyslo
Øyvind Lyslo
Øyvind Lyslo

Verdas beste Disney

Disney med Distriktsmusikarane i Sogn

Distriktsmusikarane i Sogn, Akiko på piano, Leif på trombone og Bjørn Gisle med si barytonstemme byr på ein ny produksjon med musikk frå Walt Disney sine filmar. Dette blir eit fengande program med ein variert musikalsk meny med kjende og kanskje også litt mindre kjende songar. 

Elevane vil få høyre melodiar frå Snøkvit og dei sju dvergane, Pocahontas, Trollmannens læregut, Herkules, Frost og Løvenes Konge. 

Førearbeid

Vi vil gjerne at elevane teiknar eller malar bilete med Disney-motiv frå nokre av desse filmane som kan hengast opp i konsertlokalet på førehand. Lag gjerne ein montasje ved inngangen til konsertlokalet der elevane kjem inn, gjerne også i større format. 

Regi: Jeff Pedersen

God konsert!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Distriktsmusikarane i Sogn
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • Idé/ opplegg: Bjørn Gisle Seter i samarbeid med musikarane

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Distriktsmusikarane i Sogn

Publikumskommentarer