Tilbake
Torleif Kvinnesland
Torleif Kvinnesland
Torleif Kvinnesland
Torleif Kvinnesland
Torleif Kvinnesland
Torleif Kvinnesland
Torleif Kvinnesland
Torleif Kvinnesland
Torleif Kvinnesland
Torleif Kvinnesland
Elen Sonja Klouman
Elen Sonja Klouman
Elen Sonja Klouman
Elen Sonja Klouman

Om bare Lyseblå kunne bli superhelt

Tenk om ein kunne vere superhelt i ei superheltverd i ein annan himmelgalakse. Tenk å kunne vere uovervinneleg, ein som ingen kan gjere noko vondt.

I denne framsyninga møter du Lyseblå. Han er redd, men det er det ingen som veit. På skuleplassen står han ofte åleine. Han får ikkje vere med når dei andre gutane spelar fotball, fordi han er for dårleg. Han får heller ikkje vere med når dei leikar superheltar, for Lyseblå likar bamsar og grin ofte. Nokre gongar øydelegg han for dei andre barna når dei leikar. Så bråkar han i timane og plagar dei som er pingler. Det er betre å mobbe enn å bli mobba sjølv, meiner han.

Lyseblå drøymer om å vere superhelt slik at lærarane og dei andre barna skal sjå at også han får til noko og ikkje berre er ei pyse og ein dott i universet. Ein superhelt gir aldri opp!

Katja Brita Lindeberg rettar blikket mot forventningane vi møter små gutar med, i alt snakk om superheltar og idrettsstjerner. Kva er det som gjer at nokre fell utanfor? Kva er det som gjer at klovnen Lyseblå mislukkast i å vere gut?

Lærarrettleiing

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

Norsk scenekunstbruk
  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Katja Brita Lindeberg
  • I samarbeid med: Støtta av: Spenn.no, Norsk kulturråd (Kunstløftet og Fri scenekunst), Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere, Fond for frilansere, Trondheim kommune, Sør Trøndelag fylkeskommune, Norsk skuespillersenter og Seanse.
  • Idé/ opplegg: Katja Brita Lindeberg

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Regi: Katja Brita Lindeberg

På scena: Dagfinn Tutturen og Morten Anda Berg alternerer i rolla som Lyseblå

Komponist: Martin Mulholland

Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen

Kostymedesign: Thale Kvam Olsen

Rekvisittar: Thale Kvam Olsen og Katja Brita Lindeberg

Scenografi: Ørjan Wiklund

Auge utanifrå: Kjersti Haugen

Stemmer på lydspor: Ylva Kristin Teigseth og Gard Kristian Teigseth

Foto: Elen Sonja Klouman/Torleif Kvinnesland

Co-produsent: Teaterhuset Avant Garden

Publikumskommentarer