Tilbake
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Avtrykk

Tresnitt er den eldste grafiske teknikken, og han er framleis like aktuell i vår digitale tid. Med «Avtrykk» ynskjer Nasjonalmuseet å rette merksemd mot tresnitt som medium og uttrykk. I denne verkstaden får elevane utforske kva som er muleg med denne grafiske teknikken.

I ein leikprega metode vil elevane jobbe med å utforske streken og linja sine mogelegheiter i ei treplate – tykk, tynn, stram, laus osv. Motivet vert forma i treplata og vert valsa inn med trykkfarge. Papiret vert lagt på og vert pressa mot treplatene med handflata. Klassens tresnitt vert avduka og hengt opp i klasserommet.

Elevane får også sjå verk av kunstnarduoen Cathrine Dahl og Ørjan Aas, som arbeider med tresnitt i ukonvensjonelle format i svart-kvitt. Biletspråket deira er ofte henta frå video, teikning og fotografi. Historier vert fortalt fortalde på nytt, gjerne lag på lag og blir til nye univers.

Lærarrettleiing

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
  • Idé/ opplegg: Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer