For kommunane

kart

Spelemidlane til Den kulturelle skulesekken vert fordelt av Kulturtanken til fylkeskommunane etter ein fordelingsnøkkel som tek omsyn til geografi, demografi og infrastruktur.

Ein tredjedel av midlane går direkte ut til kommunane, ein tredjedel forvaltast av fylkeskommunane, og den siste tredjedelen er fri til å fordelast av fylkeskommunen.

Kvar kommune skal ha ein kulturkontakt og ein plan for korleis midlane skal nyttast i kommunen. Bruk av midlane skal rapporterast til fylkekommunen i januar kvart år.