Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
DRUMDRUM!
Produksjonsliste
Program

DRUMDRUM!

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Rytmisk energi frå Danmark

Den karismatiske trommeslagaren Benita Haastrup er kvinna bak DRUMDRUM! Ho har med seg to toppmusikarar frå Danmark: Den virtuose vibrafonisten Kaare Munkholm, og den garva bassisten Jens Skou Olsen. Musikarane har alle tre spelt tallause konsertar rundt om i heile verda, og dei er inspirert av nokre av dei største namna i jazzhistoria. På konserten vil du få høyre tonar inspirert av både Duke Ellington i tillegg til brasiliansk og afrikansk musikk, danske folkesongar og ikkje minst nokre av Benita sine eigne melodiøse komposisjonar.

Førebuing

Det er fint om elevane får sjå dei to korte videoane om programmet på førehand (sjå lenker i kolonna nedanfor til høgre). 

Medverkande
Benita Haastrup – trommer, perkusjon og vokal
Kaare Munkholm – vibrafon, perkusjon
Jens Skou Olsen – kontrabass, perkusjon

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Torstein Ellingsen, Rikskonsertane
  • Idé/ opplegg: Benita Haastrup og DrumDrum!

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Medieomtaler av Benita Haastrup

"Benita formår som meget få at møde børn i øjenhøjde og invitere dem indenfor i musikken - alle går hjem med en fantastisk oplevelse i rygsækken". (Priskomiteen DMA 2012 då Benita vann Årets Børnepris)

"...Benita Haastrup is a world class percussionist. In the flow and surprises of her ideas, she sometimes seems like the Paul Motian of Danish drumming. Benita is a real discovery and very likely a leader in the making..."  (John Fordham, The Guardian)

"...og hvad Benita Haastrup angår, så må man blot konstatere, at hendes trommespil er en højere enhed af uophørlig velklang, teknisk raffinement, uophørlig veloplagthed og smittende livsglæde - og det er ganske forrygende.»  (Kjeld Frandsen, Berlingske Tidende)


Medverkande

  • Benita Haastrup (trommer, perkusjon, vokal)
  • Kaare Munkholm (vibrafon, perkusjon)
  • Jens Skou Olsen (kontrabass, perkusjon)

Multimedia og vedlegg

Bilete

DrumDrum
Foto: Rikskonsertane
DrumDrum!
Foto: Benita Haastrup
DrumDrum!
Foto: Rikskonsertane
Musikk / Jazz/blues
Trinn: 1 - 7
Turnéplan: DRUMDRUM
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Benita Haastrup, mob. +45 288 76 011
Programlengde
1 skuletime
Maks publikumsantal
160
Arena / rom
Gymsalen ved skulen
Berehjelp
4 elevar
Oppriggingstid
35 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
  • Publikum sit i halvsirkel mot langveggen i gymsalen (eller konsertlokalet).
  • Det er fint om det vert nytta aldersblanding på skular som har fleire enn ein konsert.
  • Det må vere normal romtemperatur i konsertlokalet
  • Det er fint om lærarane sit saman med elevane under konserten.
  • Det må vere tilgang til straumuttak der musikarane står
  • Det er fint om nokon ynskjer velkomen til konsert før konserten startar, og gjerne takkar for konserten etterpå. 
  • Dersom skulen har elevarrangørar (eller kulturvertar), kan dei også gjerne få i oppdrag å møte musikarane når dei kjem til skulen, og hjelpe dei tilrette under besøket. Kaffi og vatne er alltid populært.
  • Piano er ikkje naudsynt.
  • Det er fint om vaktmeisteren ved skulen får kjennskap til denne informasjonen. 
Lenker
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Torstein Ellingsen, Rikskonsertane
Medverkande
  • Benita Haastrup (trommer, perkusjon, vokal)
  • Kaare Munkholm (vibrafon, perkusjon)
  • Jens Skou Olsen (kontrabass, perkusjon)