Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Duo Montes Kircher
Produksjonsliste
Program

Duo Montes Kircher

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Internasjonal gitarduo med røter frå to kontinent

Duo Montes Kircher er ein internasjonal gitarduo som har tre tiår bak seg som kunstnarar, og over 20 CD-innspelingar. Alfonso Montes frå Venezuela og Irina Kircher frå Tyskland møtte kvarandre midt på 80-talet, og siden har dei spelt konsertar over heile verda som Duo Montes Kircher. Dei har hausta strålande kritikkar og mange lovord for det særprega repertoaret sitt som inneheld både latin-amerikansk, rytmisk og klassisk musikk.

Gled dykk til eit møte med gitarmusikk av ypperste klasse!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Duo Montes Kircher
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, E-post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • Idé/ opplegg: Duo Montes Kircher i samarbeid med Øyvind Lyslo. Programmet er anbefalt av Rikskonsertane sitt programråd.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Irina Kircher kjem frå Stuttgart. Ho byrja å spele gitar då ho var 6 år gammal, og vart i ein alder av 9 år teken inn som eit særskilt talen på "Hochschule fur Musik and darstellende Kunst" der ho studerte med Professor Dr. Mario Sicca. Som tiåring vann ho sin fyrste av fleire prestisjetunge prisar, mellom anna "Young Musician of the Year" i Tyskland i 1976, noko ho også gjentok året etter. Irina har vore solist med ei rekkje symfoniorkester og er også ein ettertrakta pedagog. 

Alfonso Montes kjem frå Cuidad Bolivar, Venezuela. Han var tidleg interessert i folkemusikk og starta seinare musikkstudiar med Leopoldo Igarza i Caracas. I 1976 vann han eit stipend frå Venezuelan Cultural Council som gjorde det mogleg for han å studere i 6 år i London med den britiske komponisten John William Duarte, der han også tok solistutdanning ved Royal College of Music. Alfonso er også komponist og ein ettertrakta pedagog, han har også arbeidd som kulturattaché for Venezuela i London og i Tyskland.


Medverkande

  • Duo Montes Kircher
  • Alfonso Montes (gitar)
  • Irina Kircher (gitar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Duo Montes Kircher
Foto: Privat
Alfonso Montes og Irina Kircher
Foto: Privat
Duo Montes Kircher
Foto: U. Glaser
Musikk / World Music, samtid, Musikk / Klassisk musikk
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Programlengde
Ca. 35 min.
Maks publikumsantal
200
Arena / rom
Gymsalen ved skulen eller anna eigna konsertlokale
Oppriggingstid
40 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
FØREARBEIDDet er flott dersom elevane kan få høyre på litt musikk av Duo Montes Kircher på førehand, gjerne på Spotify eller YouTube (søk på Duo Montes Kircher). 
Det er også bra om 3-4 elevar kan stille utøvarane eit spørsmål kvar på høvesvis engelsk og tysk eller spansk etter at konserten er slutt (alt etter kva andre framandspråk skulen har tilbod om). Spørsmåla kan td. handle om kor lenge har dei spelt gitar, kor mange plater dei har spelt inn, kor mange land dei har spelt konsertar i eller til dømes kva dei syns om å vere på skulekonsertturne.
BRUK KONSERTEN!Gitar er eit svært aktuelt instrument for elevar i ungdomsskulen. I dette programmet er det den akustiske gitaren som vert presentert av to virtuose musikarar som har reist over heile verda med musikken sin. Programmet handlar om kontrastar på mange område, noko som kan nyttast i førearbeidet til konserten i ei rekkje fag, sjølv om ikkje konserten i seg sjølv dekkjer alle desse områda. På konserten vert det ikkje lagt opp til diskusjonar og problemstilingar knytt til einskilde fag, her vil musikken vere i fremste rekkje. Likevel kan det vere bra å setje seg inn i bakgrunnen til dei som kjem på besøk, gjerne med utgangspunk i ulike fag på skulen. Musikk: Rytmisk - klassisk, akustisk gitar - elektrisk gitar, latinamerikansk - klassiskGeografi: Tyskland - Venezuela, Europa - Latin Amerika Samfunnsfag: By - Land, I-land - U-land. Venezuela er i dag eit land i krise. Kva har ført til at situasjonen er slik den er? Kva kan gjerast for å forbetre situasjonen? Tyskland er i dag eit stabilt land både økonomisk og politisk. Kva er årsaka til at nokre land opplever stabilitet og økonomisk framgang, mens andre land opplever store vanskar?Historie: Oppdaginga av AmerikaSpråk: Spansk - Tysk (musikarane snakkar engelsk, tysk og spansk)Religion: Katolsk - Protestantisk
PRAKTISK KONSERTFØREBUING
  • Det må vere normal romtemperatur i konsertlokalet.
  • Publikum sit på stolar i ein halvsirkel (med midtgang).
  • Elevane skal ikkje ha ytterkle på.
  • Lærarane sit saman med elevane.
  • Musikarane nyttar langveggen (td. i gymsalen) som sceneområde.
  • Det er ikkje naudsynt med piano.
  • Det må vere eit straumuttak der musikarane skal stå.
  • Det må vere eit rom i nærleiken av konsertsalen (ev. gymsalen) som musikarane kan nytte som garderobe. 
  • Det er fint om 3-4 sterke elevar kan stille som bærehjelp før og etter konserten.
  • Vaktmeisteren må få tilgang til desse opplysningane.
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, E-post: oyvind.lyslo@sfj.no
Medverkande
  • Alfonso Montes (gitar)
  • Irina Kircher (gitar)