Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Farfars bombekrater
Produksjonsliste
Program

Farfars bombekrater

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

"Fortel for meg, då farfar! Fortel om krigen! Om bomba som fall gjennom huset, om soldatane, og om den gangen du nesten vart arrestert!"

I denne spennande teaterframsyninga får ein oppleve dramatiske, rare, triste og morosame historier om kvardagslivet i en doktorfamilie på Voss under andre verdskrig. Korleis var det å måtte ete lungemos og blodpudding til middag, gå rundt i sko laga av fiskeskinn og stadig vekk måtte søke dekning på grunn av flyalarm? Dramatisk vart det på vesle Voss då bygda vart bomba i aprildagane i 1940. Doktorhuset vart treft av ei av bombene, og denne historia dannar ramma for Farfars bombekrater. Det er forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus som aleine spelar ut historiene som hennar farfar fortalte henne då ho var liten, gjennom forteljing, dramatisering, rollebytte, bilete og musikk. Desse historiene kan ein også lese i biletboka «Farfars bombekrater», nydelig illustrert av Elisabeth Moseng. Boka kom ut på bergensforlaget Mangschou hausten 2015. Krig er eit vanskelig tema å formidle for barn, og dessverre også svært aktuelt i våre dagar. Farfars bombekrater gir et nært og konkret bilde av korleis krig kan påverke ein helt vanlig familie, og viser korleis håpet, humoren, medkjensle med andre menneske og motstandskraft kan bestå, trass i svært vanskelige kår.

Lærarrettleiing

Om lærarorientering og utsending av bøker.

Læraroreintering frå Adele Lærum Duus ligg vedlagt (lenke nederst i dette feltet), DKS ber om at alle skulane les gjennom denne i forkant av at framsyninga kjem til dykk. 

Ver spesielt merksame på avsnittet om gjennomføring: "..Under forestllingen oppfordres lærerne til å sette seg ned sammen med elevene. Selv om «Farfars bombekrater» først og fremst dreier seg om hverdagslivet under krigen, forekommer det også enkelte scener med høye lyder, som skudd, flyalarm og lyden av bomber. Da er det godt å ha trygge voksne i nærheten. Lydene varer ikke særlig lenge, men det er særlig viktg å være tlstede for barn som av ulike årsaker kan tenkes å reagere på dete. Det er fullt mulig å komme frem og snakke med meg eter forestllingen dersom noen barn ønsker og trenger det."

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek vil sende ut boka til biblioteka, slik at skulane kan hente bøker der eller at biblioteka leverer dei til skulen. DKS sender nærare beskjed til skulane når bøkene kan hentast/vert levert.  

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • I samarbeid med: Musikk: Hallvard Lærum. Regi: Annicke Gill.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Adele Lærum Duus er skodespelar, figurspelar, forfattar og litteraturformidlar frå Bergen. Ho er cand.philol. i litteraturvitskap og driv sitt eige vesle teater- og litteraturformidlingsfirma: «Lys levende Adele», der ho særlig har barn som målgruppe. Ho har base i Bergen, og har reist rundt i Sør-Norge med sine framsyningar og formidlingsopplegg sidan 2005. I 2013/2014 turnerte ho for DKS Sogn og Fjordane med en framsyning basert på si første bok: «Oldefars ulveskinnspels». «Farfars bombekrater» er ei frittståande fortsetjing av denne.  For meir informasjon, sjå: www.lyslevendeadele.no


Medverkande

  • Adele Lærum Duus

Multimedia og vedlegg

Bilete

Farfars bombekrater_01
Foto: Adele Lærum Duus
Farfars bombekrater_02
Foto: Adele Lærum Duus
Farfars bombekrater_05
Foto: Adele Lærum Duus
Farfars bombekrater_06
Foto: Adele Lærum Duus
Bokomslag Farfars bombekrater
Foto: Adele Lærum Duus
Adele Lærum Duus
Foto: Adele Lærum Duus
Scenekunst
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
DKS, Sogn og Fjordane fylkeskommune:
Guro Høyvik, mobil: 415 30 608, e- post: guro.hoyvik@sfj.no.
Kontaktperson utøvar
Adele Lærum Duus, adele@duus.cc, mob. 911 14 154.
Programlengde
50
Maks publikumsantal
100
Arena / rom
5 x 5 meter golv til scenografi, ingen gjennomgangstrafikk, 16 amp stikkontakt.
Berehjelp
3 stk.
Oppriggingstid
90 min.
Nedriggingstid
30 min.
Straum
16 amp stikkontakt
Scenebreidde i meter
5
Scenedjupne i meter
5
Må blendast
Ja
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Medverkande
  • Adele Lærum Duus