Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Tonane som traff
Produksjonsliste
Program

Tonane som traff

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

På musikken sine premissar 

Musikk kan både røre ved oss og begeistre oss. Nokre melodiar likar vi rett og slett så godt at dei blir favorittlåtar, og andre kan setje seg i øyret utan at vi kan gjere noko med det. Distriktsmusikarane i Førde har i denne nyproduksjonen sett saman ein fengande musikalsk meny med med eit utval melodiar som har hatt mykje å seie for dei, og dei håpar også at tonane skal treffe publikum. 

Christine Marøy, Henri Eftevand og Jacob Wyrtz har med seg mellom anna den kjende Habanera-arien frå operaen Carmen av George Bizet, Giacomo Puccini sin rørande Mio Babbino Caro, forutan forrykande Czardas-felespel (Czardas av Vittorio Monti). På konserten vil ein også få høyre både fiolin solo (utdrag frå Chaconne av Johann Sebastian Bach) og gitar (Un dia de Noviembre av Leo Brouwer). Musikarane gler seg også til å framføre "Do-re-mi" frå musikalen "Sound of Music" av Richard Rodgers/Oscar Hammerstein saman med alle elevane (sjå førearbeid nedanfor). 

Førearbeid

Til denne konserten ber vi om at elevane er med på refrenget på "Do - Re - Mi" frå musikalen "Sound of Music". Sjå link til YouTube (med både norsk og engelsk versjon). Vi ber om at elevane er med på refrenget på norsk (sjå vedlagte pdf-fil med tekst). Sjå også eit eige Bruk konserten-opplegg til denne konserten (vedlagt som pdf).

Regien er ved Hallgeir Frydenlund, Rikskonsertane.

God konsert!

Nytt konserten

Bruk konserten - Tonane som traff (også lagt ved som pdf)

Alle born, unge og vaksne i samfunnet vårt har eit tilhøve til musikk. Musikk vert nytta i mange ulike samanhengar, har ulik funksjon og gjev ulik meining for kvar einskild av oss. Musikk tek opp i seg, uttrykkjer og formidlar stemningar, tankar og kjensler ved alle sider av det å vere menneske. Musikk er difor ei kjelde til både sjølverkjenning og mellommenneskeleg forståing på tvers av tid, stad og kultur. Som eit allmenndannande kunstfag skal musikkfaget gje elevane grunnlag for å kunne oppleve, reflektere over, forstå og ta del i musikalske uttrykk. Kjennskap til musikk, kunnskap om musikk, utvikling av musikalske ferdighetar og refleksjon kring musikk dannar soleis eit viktig grunnlag for at musikkopplevinga skal kunne vere både ei estetisk oppleving og ei eksistensiell erfaring. 

Framlegg til opplegg i musikktimen

Elevane vel ein eller to melodiar dei likar som dei skal presentere for resten av klassen, alternativt kan ein ta utgangspunkt i nokre av musikkstykka som skal framførast på konserten (sjå titlar i teksten om programmet). Musikken kan ein td. finne på YouTube, iTunes eller Spotify. Spørsmål som kan stillast: Kvifor likte dei akkurat denne melodien? Kva type/sjanger musikk er det? Ein kan så diskutere ulike kjenneteikn ved dei ulike musikkstykka, gjerne utifrå læreplanmåla for dei ulike årsstega (sjå utdrag frå Læreplanmåla nedanfor). 

Læreplanmål etter 2. årssteg (utdrag):

- Samtale om kva som er særeige for eit musikkstykke, og kva assosiasjonar det kan gje

- Samtale om musikken sin klang, melodi, rytme, dynamikk og tempo

- Kjenne att lyden av og kunne namn på nokre instrument

- Samtale om egen bruk av musikk og eigen musikksmak

Læreplanmål etter 4. årssteg (utdrag):

- Kjenne att og skildre klang, melodi, rytme, dynamikk, tempo og form

- Delta i samtalar om kva som er særeigne trekk ved einskilde musikksjangrar

- Kjenne att lyden av og namngje sentrale blåse-, strenge- og slagverkinstrument

- Gjere greie for eigne musikkopplevingar, om ulik bruk av musikk og ulike funksjonar musikk kan ha

Læreplanmål etter 4. årssteg (utdrag):

- Kjenne att musikk frå historiske hovedepokar i kunstmusikken

- Diskutere særtrekk ved kunstmusikk

- Gje uttrykk for opplevelingar i møte med verk av sentrale komponistar fra kunstmusikken

- Kjenne att klangen til og identifisere dei ulike instrumentgruppene

- Samtale om korleis musikk både er eit kunstnarleg uttrykk og ei kommersiell vare

- Gje uttrykk for eigne vurderingar om korleis bruk av musikk og funksjon har endra seg gjennom tidene

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Distriktmusikarane i Førde
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • I samarbeid med: Distriktsmusikarane i Førde
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med Hallgeir Frydenlund og Øyvind Lyslo

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Distriktsmusikarane i Førde er ei av tre distriktsmusikargrupper i Sogn og Fjordane med tilsaman 6 distriktsmusikarar. Tilsaman er det 15 distriktsmusikarstillingar i Sogn og Fjordane, 5 i DM Gloppen og 4 i DM Sogn i tillegg til dei 6 i DM Førde. Ei distriktsmusikarstilling består av halvparten undervisning og halvparten utøving. Vertskommunane har arbeidsgjevaransvaret, og fylkeskommunen finansierer halvparten av utøvardelen. Distriktsmusikarordninga vart oppretta i 1987. Distriktsmusikarane i Sogn og Fjordane er ein viktig bærebjelke og samarbeidspart for musikklivet i heile fylket.


Medverkande

  • Distriktmusikarane i Førde
  • Christine Marøy (song)
  • Henri Eftenvand (fiolin)
  • Jacob Wyrtz (gitar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Henri Eftevand og Christine Marøy.jpg
Foto: Øyvind Lyslo
Henri Eftevand og Jacob Wyrtz.jpg
Foto: Øyvind Lyslo
Henri Eftevand.jpg
Foto: Øyvind Lyslo
Christine Marøy.jpg
Foto: Øyvind Lyslo
Tonane som traff - Sceneoppsett.jpg
Foto: Øyvind Lyslo
violin-guitar-voice copy2.jpg
Foto: Øyvind Lyslo

Video/Lyd

Musikk / Klassisk musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Programlengde
35 minutt
Maks publikumsantal
160
Arena / rom
Gymsalen ved skulen eller annan eigna konsertlokale
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
  • Musikarane kjem til skulen omlag 50 minutt før konsertstart.
  • Det er fint om nokon tek i mot musikarane når dei kjem og syner dei kvar konserten skal vere.
  • NB! Musikarane nyttar langveggen i gymsalen som speleplass med publikum plassert på kvar side (sjå vedlagte pdf med plan over oppsettet. Speleområdet blir som ein trekant med sider på ca. 7 meter). Det er ein fordel dersom ein kan lage til eit "mini-amfi" på begge sider av speleplassen, med matter fremst, så benkar og stolar. Då ser alle best mogleg. 
  • Det må vere normal romtemperatur i konsertlokalet, og vifteanlegget må vere skrudd av.
  • Lærarane sit i lag med elevane under konserten.
  • Elevane skal ikkje ha yttertøy på.
  • Det er fint om ein eller to elevar ynskjer velkomne til konsert, og gjerne takkar for konserten etterpå. Ein lærar kan også gjere dette, eller det kan vere ei oppgåve for kulturvertane ved skulen, dersom skulen td. har ei slik ordning med elevar som arrangørar.
  • Piano er ikkje naudsynt.
  • Vaktmeisteren må få tilgang på denne informasjonen.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
Medverkande
  • Christine Marøy (song)
  • Henri Eftenvand (fiolin)
  • Jacob Wyrtz (gitar)