Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Giovanni frå Dalen
Produksjonsliste
Program

Giovanni frå Dalen

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Musikalske sjekketriks

Eit skråblikk på kjærleik i musikken. Ein songglad bonde frå Jostedalen møter ein berømt cellist og ein konsertpianist. Då kan litt av kvart skje. 

Om programmet

Don Giovanni eller Don Juan er ein legendarisk, oppdikta figur kjend frå verdslitteraturen, mellom anna i romanar, operaer, film og drama. Don Giovanni var både ein førførar og skjørtejegar som ma. komponistern Wolfgang Amadeus Mozart baserte sin kjende opera på. På skulekonserten «Giovanni frå Dalen» får publikum oppleve ein storsjarmør, her i eit meir aktuelt tidsperspektiv, der Giovanni rett og slett er ein syngande bonde frå ein dal i Sogn og Fjordane. Sjølv om han trivst godt i den mektige naturen, er tilværet som sauebonde litt einsamt. Giovanni lengtar difor etter ei han kan sjarmere, og får etterkvart mange tips av både cellisten og pianisten om kva han kan gjere. I programmet vert det framført musikk i eit  musikalsk spenn frå Mozart, Grieg, Bartok og Schumann, til  Morricone, Grandados og Leonard Cohen.  

Førearbeid

Det er ein god idé at elevane får setje seg inn i legenda om Don Juan og gjerne høyre på musikk frå operaen «Don Giovanni» av Mozart. I framsyninga vert melodiane «Deh vieni alla finestra» og «Madamina, il catalogo è questo» (katalogarien) framført frå denne operaen (sistnemnde på norsk). Søk gjerne på melodiane på YouTube (versjonar på italiensk eller engelsk) eller Spotify. 

Praktisk konsertførebuing

Vi ber om at kulturkontakten, ev. ein lærar eller elev kan vere med Bjørn Gisle Seter rundt på skulen (td. på lærarrommet) for å kunne ta nokre bilete før konserten.

Regi: Jeff Pedersen

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Distriktsmusikarane i Sogn
  • Produsent: Øyvind Lyslo
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med produsent Øyvind Lyslo. Regi: Jeff Pedersen.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Distriktsmusikarane i Sogn er ei av tre distriktsmusikargrupper i Sogn og Fjordane. Tilsaman er det 15 distriktsmusikarar i fylket. Musikarane utgjer ei viktig kjerne i musikklivet i fylket, og dei har mange ulike roller. Distriktsmusikarane utgjer kjernen i ulike større orkester i fylket, som Opera Nordfjord sitt operaorkester, og Sogn og Fjordane symfoniorkester. I tillegg er dei solistar, anten det er med Opera Nordfjord eller i andre større musikalske oppsetjingar i fylket. Stillingane er kombinerer utøving og undervisning 50/50, og musikarane underviser soleis også både i kulturskulane og på vidaregåande. Ein viktig del av arbeidet som distriktsmusikar er å spele skulekonsertar, og gjennom dei siste 25 åra har distriktsmusikarane vore på turne i Sogn og Fjordane med over 100 skulekonsertprogram.

Irina Tarasova kjem frå Russland, men har budd i Noreg i fleire år. Ho har studert piano og kyrkjemusikk i Novosibirsk i Russland, Kassel i Tyskland og ved Norges Musikkhøgskule i Oslo. Irina vart tilsett som distriktsmusikar i Sogn hausten 2016.

Hans Holgersson spelar cello og kjem frå Sverige. Han er ein mykje nytta kammermusikar og har vore med i mange samanhengar i musikklivet i Sogn og Fjordane. Hans likar romantisk musikk, for då kan han verkeleg få celloen sin til å synge.

Bjørn Gisle Seter syng baryton og har vore distriktsmusikar i Sogn og Fjordane i mange år. Han er ein ettertrakta songar med fleire roller for Opera Nordfjord og Festspela i Bergen. Men han er også ein dyktig dirigent som har leia mange større musikalske oppsetjingar. 


Medverkande

Multimedia og vedlegg

Bilete

Giovanni frå Dalen
Foto: Øyvind Lyslo
Giovanni frå Dalen - backdrop
Foto: Øyvind Lyslo
Musikk / Klassisk musikk
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Produsent Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
Kontaktperson utøvar
Bjørn Gisle Seter, bgseter@hotmail.com, 97117557
Programlengde
35 minutt
Maks publikumsantal
200
Arena / rom
Gymsalen ved skulen eller anna eigna konsertlokale
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
20 min.
Merknad
PRAKTISK KONSERTFØREBUING
  • Det er i utgangspunktet nausynt med nystemt piano, men dersom ikkje skulen har dette vil musikarane ta med seg eit digitalt piano.
  • Det er fint om kulturkontakten eller kulturvertane ved skulen kan møte musikarane når dei kjem. 
  • Bjørn Gisle treng hjelp av ein person som kan fylgje han litt rundt på skulen for å ta nokre bilete før konserten.
  • Det må vere normal romtemperatur i konsertlokalet.
  • Publikum sit i ein halvsirkel (med midtgang).
  • Elevane skal ikkje ha ytterkle på.
  • Lærarane sit saman med elevane.
  • Musikarane nyttar langveggen (td. i gymsalen) som sceneområde.
  • Det må vere eit rom i nærleiken av konsertsalen (ev. gymsalen) som musikarane kan nytte som garderobe. 
  • Vaktmeisteren må få tilgang til desse opplysningane.
Særskilt for denne produksjonenUtbytet av konserten vert størst dersom eit nystemt piano vert nytta. Dersom skulen ikkje har dette, vil musikarane kunne stille med eit digitalt piano. Det er fint om vi får tilbakemelding om dette.God konsert!
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Øyvind Lyslo
Medverkande
  • Bjørn Gisle Seter (song)
  • Hans Holgersson (cello)
  • Irina Tarasova (piano)