Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
Tidskapselen, Sogn folkemuseum.
Produksjonsliste
Program

Tidskapselen, Sogn folkemuseum.

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Også dette skuleåret vil elevane på 9. steg i fylket få kulturarvtilbodet «Tidskapselen». I samarbeid har Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane utvikla tilbodet, der målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø.

«Tidskapselen» har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?

Gjennom dette tilbodet vil DKS Sogn og Fjordane gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i Sogn og Fjordane spesielt.

Viktig praktisk informasjon:

Museumsdagane ved fem av musea vert arrangert i september/oktober. «Tidskapselen » er eit heildagstilbod, og så langt råd er skal elevane få tilbodet innan ordinær skuletid. Detaljert informasjon om dato for besøk etc. finn de i turnéplanen.

Elevane skal i hovudsak vere utandørs og det er difor viktig at dei kler seg etter vêret. Dei må også ha med seg matpakke og noko å drikke.

Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til DKS. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport kan skulen sende faktura til DKS for kostnadane med dette. Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport.

Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. Musea tek kontakt med kvar skule for å avtale detaljane kring frammøte, avreise osv.

Fakturaadresse for transport
Sogn og Fjordane fylkeskommune, løn- og rekneskapsavdelinga, Askedalen 2, 6863 LEIKANGER. Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen ».

​​​​​​​

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Multimedia og vedlegg

Bilete

kvernstein1.jpeg
Foto: Lars Opstad
kvernstein2.jpeg
Foto: Lars Opstad
Kulturarv
Trinn: 9 - 9
Praktisk informasjon
Programlengde
"Tidskapselen" er eit heildagstilbod, varar frå om lag kl. 9:30/10:00 til om lag kl. 13:00/13:30. Museet tek direkte kontakt med kulturkontakt på skulen for å avtale frammøtetid.
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune