Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
Tidskapselen, Nordfjord folkemuseum.
Produksjonsliste
Program

Tidskapselen, Nordfjord folkemuseum.

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Frå hausten 2017 har elevane i 9. klasse fått eit nytt, spennande og lærerikt tilbod. I samarbeid har Sogn og Fjordane fylkeskommune v/Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane utvikla kulturarvtilbodet «Tidskapselen». Målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø. Seks av avdelingane ved Musea i Sogn og Fjordane har utvikla kvart sitt tilbod, som årleg skal bli gitt 9. - klassingane i fylket. Tilbodet er unikt i landet, ingen andre fylke tilbyr ein slik museumsdag til eitt klassetrinn i eit heilt fylke. Dette tilbodet er også eit av dei Kulturtanken har trekt fram i sitt arbeid med kulturarv, og dei har også vore med på prøvevisning av Kvernsteinparken sin versjon.

«Tidskapselen» har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får gjennom praktisk arbeid og erfaring betre kjennskap til ressursutnytting og sjølvberging i tidlegare tider. Deifår også spesifkk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?

Gjennom dette tilbodet vil DKS Sogn og Fjordane gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i Sogn og Fjordane spesielt.

Meir informasjon om tilbodet på Nordfjord folkemusem hausten 2018 kjem.

Viktig praktisk informasjon:

  • Elevane skal i hovudsak vere utandørs og det er difor viktig at dei kler seg etter vêret. Dei må også ha med seg matpakke og noko å drikke.

  • Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til oss. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport vil dei få køyregodtgjersle for dette. Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport saman.

  • Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. Museet tek direkte kontakt kulturkontakt på skulen for å avtale frammøtetid.

Fakturaadresse for transport: Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ Guro Høyvik, løn- og rekneskapsavdelinga, Askedalen 2, 6863 LEIKANGER. Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen ».

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Nordfjord folkemuseum.

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Nordfjord folkemuseum.
  • Nordfjord folkemuseum

Multimedia og vedlegg

Bilete

Tidskapselen på Nordfjord folkemuseum hausten 2017.
Foto: Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Kulturarv
Trinn: 9 - 9
Praktisk informasjon
Programlengde
"Tidskapselen" er eit heildagstilbod, varar frå om lag kl. 9.30/10:00 til om lag kl. 13:00/13:30. Museet tek direkte kontakt med kulturkontakt på skulen for å avtale frammøtetid.
Merknad
NB! Les informasjon under overskrifta "Viktig praktisk informasjon" i feltet til venstre.
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Medverkande
  • Nordfjord folkemuseum