Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
Eventyrskatten
Produksjonsliste
Program

Eventyrskatten

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

I utstillinga møter elevane nokre av høgdepunkta innan norsk eventyrillustrasjon. Dei får kjennskap til teikningar av troll og Askeladden, av prinsesser og eventyrlege dyr. Dette er teikningar som i stor grad har prega korleis vi ser føre oss skikkelsane og karakterane i dei norske folkeeventyra. Levande bilete, musikk og eventyrforteljing vert brukt for å skape ei rik oppleving for elevane. På same tid vert merksemda retta mot teikningane som illustrasjonar: korleis beskriv og utdjupar teikningane scenene i teksten?

Utstillinga er produsert av Nasjonalmuseet i samband med 200-årsjubileet for eventyrsamlarane Peter Christen Asbjørnsen (1812–1885) og Jørgen Moe (1813–1882).

Ein formidlar følgjer utstillinga og møter elevene på skulen. Ved hjelp av digital projisering på fire lerret vises ei rekkje av Werenskiolds og Kittelsens mest kjende eventyrillustrasjonar. Elevane høyrer musikk spesialkomponert til utstillinga. Formidlinga består av munnleg forteljing, dialog med elevene og opning av skattekista som følgjer med utstillinga.Ein formidlar følgjer utstillinga og møter elevene på skulen. Ved hjelp av digital projisering på fire lerret vises ei rekkje av Werenskiolds og Kittelsens mest kjende eventyrillustrasjonar. Elevane høyrer musikk spesialkomponert til utstillinga. Formidlinga består av munnleg forteljing, dialog med elevene og opning av skattekista som følgjer med utstillinga.

Målgruppa er 1. til 4. klasse, og i utgangspunktet er det ikkje opna for at yngre eller eldre barn deltek. Dersom dette ikkje høver for skulen ber vi om at de tar kontakt med DKS v/ Guro Høyvik for nærare avtale.

Lærarrettleiing

Lærarrettleiing "Eventyrskatten".
Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Idé/ opplegg: Nasjonalmuseet for kunst og arkitektur.

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Linn Magnhild Valderaune (Formidlar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Eventyrskatten, skattekiste.
Foto: Nasjonalmuseet for kunst og arkitektur.
Eventyrskatten, illustrasjon.
Foto: Nasjonalmuseet for kunst og arkitektur.
Eventyrskatten, formidling.
Foto: Nasjonalmuseet for kunst og arkitektur.
Eventyrskatten, prosjektor.
Foto: Nasjonalmuseet for kunst og arkitektur.

Video/Lyd

Visuell kunst / Billedkunst
Trinn: 1 - 4
Turnéplan: Eventyrskatten
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Linn Magnhild Valderaune, tel: 950 78 790, epost: linn.magnhild@gmail.com
Programlengde
45
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Tomt klasserom med reingjort golvareal på min. 50m2. Større lokale vert anbefalt dersom nokon av elevene er avhengig av rullestol. Transportkassar bør oppbevarast i eit anna rom. Klasseromsvindauga bør blendast.
Er workshop
Ja
Antal transportkolli
14.
Transport
Formidlar har med seg utstyret i leigebil, treng bærehjelp frå ein vaksen.
Berehjelp
Ein vaksenperson til bæring og opp- og nedrigg.
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
60 min.
Rom/areal, breidd, lengde, takhøgde, veggareal
Tomt klasserom, 50 m2.
Må blendast
Ja
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Medverkande
  • Linn Magnhild Valderaune (Formidlar)