Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
Superiopera og mysteriet med den magiske musikkeli...
Produksjonsliste
Program

Superiopera og mysteriet med den magiske musikkeliksiren

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Superiopera Crescendo Diminuendo Quarto Terso Fermate Legato Cantabile den tredje, heiter ho, romvesenet som landar i klasserommet eller gymsalen på skulen din. Der møter ho Feleonora Frederikke Fiola Klang, den superflinke felespelaren.

Superiora kjem frå den vakre planeten Superiora dell’'Aria, ein planet med fossefall av sølv og blomar i krystall der alle kan synge dei herlegaste songar. Men når den intergalaktiske skurken Anti Musicatirius kjem til Superioa dell'Aria, vert det heilt bekmørkt. Han hatar musikk og stel den magiske eliksiren som trengst for å kunne synge desse vakre songane. Dette er krise, for utan songene kan dei ikkje leve og all musikk vil døy ut!

Superiopera kjem til jorda på leiting etter den livsviktige eliksiren. Med seg har ho eit skattekart fylt av gåter, og ved hjelp av Feleonora og publikum, må ho løyse dei musikalske oppgåvene som kan gje ho den magiske musikkeliksiren tilbake. Kvar kan den finnast? I gymsalen? I dei gamle folkevisene? I fantasien?

Vi ber om at elevane får sjå denne videoen før konserten:  https://www.youtube.com/watch?v=L7fxzNgSDxs

Lærarrettleiing

Om forestillinga Superiopera

Dette er ei leiken og fantasifull blanding av Mozart-ariar og norsk, tradisjonell folkemusikk– innpakka i eit moderne lydbilete. Bodskapen er samarbeid, respekt og at ein alltid kan lage sin eigen musikk så lenge ein har fantasi.

Musikken i Superiopera er av Knut Sævik, og er eit bestillingsverk frå Rikskonsertene.

Sjå gjerne denne videoen saman med elevene før konserten https://www.youtube.com/watch?v=L7fxzNgSDxs


Noen tilbakemeldinger fra skoler som har vært på konserten:

Dette er den beste skolekonserten vi har sett!
- Toppåsen skole, Oslo

Det var en ren nytelse og opplevelse. Imponerende hva kunstnerne har fått til!
- Rosenholm skole, Oslo

Super forestilling med fantastiske musikere, sangere, lyd- og lysshow, og pedagogisk lagt opp med deltakelse fra publikum. Anbefales på det varmeste :-)
- Prinsdal skole, Oslo

Nytt konserten

Konserten inneheld operaarier av Mozart, tradisjonell, norsk folkemusikk og elektronika i tillegg til mykje bruk av lys og videoprojeksjon. Borna deltek aktivt ved å lære ein folkesang og lage lydeffektar. Naturlige samtalemne i tilknytning til konserten vil kunne vere:

  • Kva er skilnaden på å synge opera og barnesongar?
  • Kva er skilnaden på opera og folkemusikk?
  • Kva slag lydeffektar kan ein lage med stemme/kropp? (regn, vind, skog, dyrelydar, bylydar osb.)
  • Mozart: Kven var han, når levde han, høyr gjerne litt på operaen "Tryllefløyta"
  • Nøkken, Dvergmøya (huldra), Urds brønn, Yggdrasil
  • Folkeviser: Kjerringa med staven, Per Spelmann, Seidama
  • Samansmelting av musikkartar og bruk av visuelle verkemidlar. Dra parallellar til dataspel og filmmusikk.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Idé/ opplegg: Manus og idé: Gro Marie Svidal, Hanna Børseth Rønningen og Hildegunn Hovde
    Musikk: Knut Sævik og W. A. MozartVisuell produksjon: Knut Sævik

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Hildegunn Hovde, sopran, har spesialisert seg i Mozart og bel canto-opera, og fullførte sin mastergrad i utøving ved Norges Musikkhøgskole høsten 2011. Med sin brede bakgrunn fra teater og cabarét eksperimenterer hun stadig med ulike måter å framføre musikk på, både ved å blande ulike musikalske sjangre og ved å bruke elementer fra teater og dans. Hildegunn bor i Oslo og Berlin, og debuterte sommeren 2012 som Papagena i Tryllefløyten ved Lyric Opera Studio Weimar.

Gro Marie Svidal er en av landets fremste hardingfelespillere med utdanning fra Ole Bull akademiet og Norges musikkhøskole. Hun har turnert for Den kulturelle skolesekken og Riksskonsertene i tillegg til utstrakt konsertvirksomhet solo og i ulike grupper, både i Norge og utlandet. Gro Marie jobber også som produsent og prosjektleder, og har medvirket på flere plateutgivelser. Hun debuterte med eget album i 2009.

Knut Sævik er komponist og produsent. Han har produsert over 100 plateinnspillinger og komponert musikk til flere filmer og danseforestillinger. Ellers er han den ene halvdelen av Mungolian JetSet, og en tredjedel av Rytmer fra Verdensrommet. Han har turnert og gjort konsertar i over 35 land og han er også veldig glad i å lage musikk og forestillinger for barn og unge.


Medverkande

  • Hildegunn Hovde (vokal)
  • Gro Marie Svidal (hardingfele og vokal)
  • Knut Petter Sævik (elektronikk og bildeprojeksjoner)

Monteringsanvising

Praktiske konsertforberedelser:
  • Aldersblanding (jamn fordeling av 1.- 7. årstrinn) ved fleire enn ein konsert på skulen. God aldersspreiing er ekstra viktig på denne konserten.
  • Musikarane treng hjelp av 6 sterke elevar til å bere utstyr ved ankomst og etter siste konsert
  • Musikarane kjem til skulen omlag 90 minutt før konserten
  • Musikarane treng tilgang til straumuttak, 2 x 16 ampere
  • Det er ynskjeleg med tilgang til ei garderobe med spegel for klesskift og oppbevaring av personlege eigedelar
  • Det er viktig at konsertlokalet vert blenda, då det vert nytta projektor under framsyninga
  • Musikarane bestemmer kvar speleområdet skal vere når dei får sjå lokalet. Dei treng 8 meter breidde og 4 meter djupne.
  • Produksjonen er avhengig av å spele i eit rom med takhøgd over 2,40, og det må vere 12 m avstand frå projektor til veggen det skal projiserast på.
  • Driftsansvarleg og involverte lærarar må få lese denne konsertinformasjonen
  • Kulturkontakt må vere tilgjengeleg under besøket, og hugs, det er alltid hyggeleg å bli møtt med ein kopp kaffe når ein kjem til ein ny stad :)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Superiopera plakat
Foto: Rikskonsertene
Superiopera / Hildegunn Hovde
Foto: Rikskonsertene / Lars Opstad
Superiopera / Gro Marie Svidal
Foto: Rikskonsertene / Lars Opstad
Superiopera / Gro Marie og Hildegunn
Foto: Rikskonsertene / Lars Opstad

Video/Lyd

Vedlegg

Musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Øyvind Lyslo, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no, mob. 90 11 34 33
Programlengde
40
Maks publikumsantal
200
Berehjelp
6 sterke elevar
Oppriggingstid
90 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad om publikumsplassering
Musikerne ankommer ca. 90 minutter før første konsert. Barna skal sitte på matter fremst og evt. benker bakerst - NB! Ikke stoler på denne konserten. Plasseringa her innebærer også en midtgang som et kors, slik at barna sitter på fire felt. Det optimale er at de to fremste feltene sitter på matter og de to bakerste på benker.
Må blendast
Ja
Merknad
Elevene sit hovedsakleg på matter og benker. Regn ca ti 1.-4.klassinger pr. grønn gymmatte og åtte 5.-7.klassinger pr. gymbenk. Ved behov trengs stoler bakerst. Plassering av matter/benker/stoler skjer etter at musikerne har rigget opp utstyret, ca 45 min før konsertstart."
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Medverkande
  • Hildegunn Hovde (vokal)
  • Gro Marie Svidal (hardingfele og vokal)
  • Knut Petter Sævik (elektronikk og bildeprojeksjoner)