Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Epost: oyvind.hostaker@sfj.no Telefon: 576 38 000, 95222168 • kontakt: Øyvind Høstaker • Nettstad: www.skulesekken.no
Les for livet!
Produksjonsliste
Program

Les for livet!

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

I Les for livet! får elevane i 5. til 7. klasse vere med to framtidsmenneske på ei intens reise gjennom verdsrommet. Berre litteraturen kan få dei to tilbake til seg sjølve, tilbake til jorda. Heim.


To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei! For mange tusen år sidan måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse eit livsviktig oppdrag. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veit ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på nytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid!


I romsonden er det ein tidskapsel frå 2018. I den ligg det seks utvalde barne- og ungdomsbøker. Ei intens forteljarstemme instruerer dei to i oppdraget: Dei skal dramatisere scener frå bøkene, kome fram til kva for kjensler dei ulike tekstutdraga illustrerer og føre dei rette kjenslene inn i eit skjema på jakt etter eit endeleg løysingsord. Finn du orda. Finn du kjenslene. Finn du Jorda!, er eit mantra som går igjen i Les for livet! Dersom dei ikkje klarer å kome fram til dei rette kjenslene og løysingsordet innan tretti minutt, vil romsonden bli sprengt i filler. Dei to i romsonden les for livet.


Les for livet! er ei intenst spennande framsyning som formidlar framifrå nynorsk barne- og ungdomslitteratur. På reisa tilbake til opphavet dukkar vi inn i scener frå mellom anna Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, thrilleren Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland og Grunna av Terje Torkildsen. I møte med dei ulike scenene frå bøkene, møter menneska kjensler som frykt, forelsking og sorg, og slik kjem dei gradvis i kontakt med seg sjølve, med sine kjensler. Elevane får også erfare at dei to menneska stadig kjem nærare kvarandre, noko som til slutt resulterer i venskap. Venskap er løysingsordet i skjemaet, og gjennom framsyninga får vi erfare kor viktig venskap er. Som manusforfattar Lars Mæhle legg i munnen på «stemma» etter at dei to menneska har løyst oppdraget: «Venskap er grunnmuren i alle kjernekjenslene, dei som de no har lært gjennom å lese bøker. Først no skjønar de kven de er. No kan de atter finne plassen dykkar på jorda – utan å øydeleggje henne. For det viktigaste av alt, det er venskapet, det å vere glad i – og ta omsyn til – andre menneske. Og å lære seg verdien av samarbeid. For utan samarbeid går jorda under.»


Ved å gi smakebitar av alt det framifrå som blir skrive for barn- og ungdom på nynorsk og setje det inn i ein spanande kontekst, vil vi gi elevane lyst til å lese vidare på eiga hand. Les for livet! reiser viktige spørsmål knytt til identitet, behovet for samarbeid og venskap, og syner fram kor viktig litteratur kan vere for menneska og samfunnet dei lever i.

Lærarrettleiing

Kvifor er produksjonen viktig for målgruppa?
I Les for livet! blir nyare nynorsk barne- og ungdomslitteratur formidla på ein spennande, medrivande og levande måte. Vi ønsker å syne fram noko av alt det framifrå som blir skrive for målgruppa og gi elevane lyst til å lese vidare på eiga hand. Dette vil vi gjere gjennom ei rammeforteljing som tek utgangspunkt i det høgaktuelle temaet klimaendring, og som vi trur appellerer sterkt til elevane. I tillegg til å fremme leselyst, reiser Les for livet! viktige spørsmål knytt til identitet, behovet for samarbeid og venskap, og kor viktig litteratur kan vere for menneska og samfunnet dei lever i. Kjenslene som vert formidla gjennom litteraturen er det sentrale i produksjonen. I framsyninga vert kontakt med kjenslene sine livsviktig for karakterane, noko som òg gjev rom for publikum til å reflektere kring sine eigne kjensler.

Framsyninga rører ved kjernen i norskfaget. Læreplanen i norsk for 7. trinn seier at elevane skal kunne lese eit breitt utval av norske tekstar og reflektere over innhald og form. Han seier også at elevane skal vurdere eigne tekstar med utgangspunkt i eigne opplevingar og Les for livet! er i takt med desse læreplanmåla. I tillegg til å møte språket og litteraturen på ein måte som bidreg til leselyst, vil dette møtet med kjensler gi elevane språklege verktøy til å kunne utvikle språkleg identitet, kunne bruke språk til å tenkje, kommunisere og knyte band til andre, slik overordna del av læreplanen seier at opplæringa skal sikre. Denne planen lyfter òg fram kunnskap om språkleg mangfald. Med denne produksjonen vil vi gi elevane eit levande og godt møte med det som anten er hovudmålet eller sidemålet deira. Vi er overtydde om at dette bidrar til positive språkhaldningar og god språkleg sjølvkjensle hos elevane, noko som kjem godt med i vidare språklæring.


Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Nynorsk kultursentrum
  • Idé/ opplegg: Manusforfattar er Lars Mæhle. Han har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009. I 2009 blei han tildelt Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, og han vann UPrisen i 2010. Han har òg blitt nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris.



Om kunstnar / utøvar / gruppe

Siri Beate Fossum har skodespelarutdanninga si frå drama og teaterkommunikasjon ved Universitetet i Stavanger, musikkteater ved Bårdar Akademiet og forteljarkunst frå HiOA. Ho har også teke PPU for drama og teater ved HiOA. Etter enda utdanning har ho jobba med både teater, musikal og teaterinstruksjon og har erfaring frå mellom anna Det Norske Teatret, Hedmark teater og Opera Omnia. Ho er no skodespelar og teaterinstruktør for Ttrafo – teater i fjellregionen.

​​​​​​​Kim Helge Strømmen er utdanna i England ved Guildford School of Acting (2010-2013). Etter enda utdanning har han medverka i fleire produksjonar både i England og Noreg, blant anna Singin' In The Rain - Uk & Ireland Tour, En Midtsommernattsdrøm - Teater Framdrift, Measure for Measure (Like for Like) - Akershus Teater, Tutomaten - Teater Joker. Hausten 2017 spelar han i framsyninga Faust ved Deichmanske hovedbibliotek i Oslo og frå januar 2018 er han å sjå i Hair! ved Oslo Nye Teater.


Medverkande

Multimedia og vedlegg

Bilete

Les for livet
Foto: Vigdis Nielsen
Les for livet
Foto: Vigdis Nielsen
Les for livet
Foto: Vigdis Nielsen
Les for livet
Foto: Vigdis Nielsen
Les for livet
Foto: Vigdis Nielsen
Les for livet
Foto: Vigdis Nielsen
Les for livet
Foto: Vigdis Nielsen
Litteratur, Scenekunst
Trinn: 5 - 7
Turnéplan: Les for livet!
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Kontaktperson DKS: Trygve Apalset, tel; 96941221,  epost; trygve.apalset@sfj.no 
Kontaktperson utøvar
Siri Beate Fossum, sbfossum@gmail.com, 906 49 094
Kim Helge Strømmen, kim.helge87@gmail.com, 926 15 836
Programlengde
40 minutt
Maks publikumsantal
80
Arena / rom
Klasserom, gymsal, aula, speleflate minst 4 x 5 meter
Berehjelp
Nei
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
40 min.
Litteratur
Kvart skulebibliotek/kvar skule får tilsendt ei bokpakke med Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland, Keeperen og havet av Maria Parr, Landet under isen av Lars Mæhle, Monsterboka: nynorske forteljingar og Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven (Bjørkebokstavar av Hilde Myklebust er utselt). Desse kan de hente på folkebiblioteket ved skulestart i august.
Merknad
Spørsmål om bøkene, om tinging m.m., kan rettast til fylkesbiblioteket ved   Anne Marit Ytterbø,  tlf: 57 63 79 55,   Anne.Marit.Ytterbo@sfj.no
Astrid Sundset Moe, tel: 57 63 79 53,    astrid.sundset.moe@sfj.no
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Nynorsk kultursentrum
Medverkande
  • Siri Beate Fossum
  • Kim Helge Strømmen