Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
Isla
Produksjonsliste
Program

Isla

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

"ISLA" er basert på draumar og hallusinasjonar til tre karakterar som etter eit havari hamnar på ei aude øy. Dei er åleine og heilt avhengige av kvarandre. Livet på øya set klare grenser, og dei tre kjem opp i utrulege situasjonar og vel merkelege strategiar og løysingar for å overleve.

Ei framsyning basert på kroppsrørsle og kroppskontroll, med typiske innslag frå sirkuset; akrobatikk og den kinesiske pålen, og vi blir minna om det subtile skiljet mellom dans og fysisk teater.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: D`Click Compania
  • Idé/ opplegg:
    PRODUCTION and MANAGEMENT D’Click Company
    ARTISTIC MANAGEMENT ASSISTANCE Pau Bachero
    CHOREOGRAPHIC ASSISTANCE  Compañía Mar Gómez
    PERFORMERS  Ana Castrillo, Javier Gracia y Hugo Gauthier
    TECHNICAL MANAGEMENT, SOUND AND LIGHTING Carlos Samaniego
    LIGHTING DESIGN Roberto Gregorio Moreno (Txuxi)
    SOUND SPACE CREATION Santiago latorre / Manuel Estrada
    SET DESIGN Karlos Herrero
    PICTORIAL RESOLUTION OF ELEMENTS Factoría Golondrina
    WARDROBE Pep4 GRAPHIC DESIGN Luislo / Detalier Estudio Creativo
    PHOTOGRAPHY Pilo Gallizo ACTOR’S EXTERNAL VIEW Alfonso Pablo
    TECHNICAL COLLABORATIONS Ingrid Magrinyà (choreography) and  Guillaume Peudon (Chinese pole)
    Assistance and artistic residences Choreography assistance Festival Trayectos Danza

Om kunstnar / utøvar / gruppe

D’Click Compania

Vart oppretta i 2010, og sidan starten har kompaniet spesialiert seg på framsyningar i skjeringspunktet mellom sirkus og scenekunst.

Med første framsyninga, "Los viajes de Colón" i 2011, fekk kompaniet markert sin eigen stil, med grunnlag i eit språk sterkt prega av rørsle og kropp. Element frå sirkuset er alltid tilstade i framsyningane, medan teater og dans er med for å utvikle historia.

Premiere på framsyninga "L'Avant Première" fann stad i 2014, etter halvtanna år med førebuing. Dei heldt fast ved rørsle som det viktigaste uttrykket og som den sentrale tråden i framsyninga. "L'Avant Première" har eit herleg, poetisk språk og er eit enkelt stykke i ein humoristisk tone.

D’Click Compania har motteke prisar som t.d. Public's Choice Award av Feria Internacional de Teatro y Danza de Huesca i 2015, og prisen for beste aragonske sirkusprestasjon av Festival de Circo Ciudad de Zaragoza i 2015.

I 2016 vart selskapet tildelt utmerkinga til Performing Arts Newcomer of Aragon 2016.


Hugo Gauthier, Belgia

Grunnleggar av D’Click Company of Circus Arts.  Han har utdanning frå L’école de Cirque de Bruxelles og Training in acrobatics and Chinese pole at the Social World Circus School i Chile. Han har vore artist i ulike kompani som t.d.  Cirque du Soleil, Tarde or Temprano dance og Los Navegantes.

Ana Castrillo, Spania

Grunnleggar av D’Click Company of Circus Arts. Ho har vore med som  improvisasjonsdansar under framsyningane "Inquilinos" og "Esperando en Olot" med Ana Continente Company. Arbeider også med moderne dans, og har kontaktar med dansarar på Cuba, i Chile, Israel og fleire andre land.

Javier Gracia, Spania

Grunnleggar av D'Click Company of Circus Arts og er utdanna frå Carampa Circus School i Madrid. Han er koordinator for Social Circus School of Zaragoza, og har vore med i fleire kompani som t.d. Cirque du Soleil, Callejeatro og Chechare Compañía.


Medverkande

  • D`Click Compania
  • Hugo Gauthier
  • Ana Castrillo
  • Javier Gracia

Multimedia og vedlegg

Bilete

Isla 1
Foto: fotografía de Pilo Gallizo
Isla 2
Foto: fotografía de Pilo Gallizo

Video/Lyd

Annet
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Programlengde
50 minutt
Arena / rom
Kulturhus / idrettshall
Berehjelp
Ja
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Medverkande
  • Hugo Gauthier
  • Ana Castrillo
  • Javier Gracia