Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
Ambulance
Produksjonsliste
Program

Ambulance

Dokumentarfilmen Ambulance er laga av Mohamed Jabaly. Han er frå Gaza og har levd der hele livet. I 2014 var han 23 år og arbeidde som fotograf og laga video for ein lokal organisasjon. Same året braut det ut krig i Gaza, og frå første dag vart Jabaly med og filma eit ambulanseteam.

Jabaly risikerte livet for å filme dei som også risikerte sine liv for å hjelpe sivile. Då krigen var over, reiste Jabaly til Tromsø for å delta på ein festival. Med seg hadde han alt råmaterialet han hadde filma med ambulanseteamet. Medan Jabaly var i Noreg, vart grensa til Gaza stengd, og det vart umuleg for han å returnere til heimlandet.

Ambulance vart ferdigstilt og produsert i Noreg, og resultatet blei ein rå film som fortel historia om å leve i krig og om korleis helsepersonell set seg sjølv i fare for å hjelpe andre.

Under denne DKS-turneen vil Jabaly sjølv reise rundt med filmen og svare på spørsmål etter kvar visning. Deretter vil det bli sett opp online videosamtalar mellom elevane og ungdomar i Gaza. Dette vil bli gjort i samarbeid med Tamer Institute i Gaza.

I tillegg har vi tilgang på Viritual Reality-filmen "My Mothers Wing" i samarbeid med UN-VR. VR-filmen er fem minutt lang og fortel historia til ei mor i Gaza. Ho vart fråteken sønene sine. VR-effekten gjer det muleg for publikum å sjå seg om i gatene og i heimen til familien i Gaza.

Gjennom videosamtalane får dei norske elevane "treffe" ungdomar i Gaza, i håp om at dette vil gje dei norske ungdomane ny innsikt og kunnskap om konsekvensane av krig – i møte, ikkje berre med tal og statistikk, men med levande menneske.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Mohamed Jabaly
Film
Trinn: VG3 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Mohamed Jabaly
epost: meljabaly@gmail.com
tlf: 46136571
Programlengde
Filmen varer 1 time 20 minutt
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Medverkande
  • Mohamed Jabaly