Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
SAH - ei reise i rytmar, glede og rørsle
Produksjonsliste
Program

SAH - ei reise i rytmar, glede og rørsle

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ei musikalsk reise til Vest-Afrika

"På språket mitt (Gban) i Elfenbeinskysten finst det ikkje eit ord for å synge, for å spele eller for å danse. Berre "Sah", som er alt på ein gong - samhald, glede, fest, rytme og tromming!" (Kouame Sereba)

Musikaren Kouame Sereba kjem frå Elfenbeinskysten i Vest- Afrika. På denne konserten vil Kouame presentere ei musikkform som har gått i arv frå far til son gjennom generasjonar, og borna vil få oppleve både afrikanske trommer og rytmeinstrument, song og dans. Kouame leikar fram rytmane saman med borna, både ved bruk av stemma, klapping, tramping, trommer og andre rytmeinstrument, og borna får vere aktive undervegs. Tilsaman vert dette ei framsyning som gjev publikum eit ekte innblikk i vest-afrikansk song, musikk og dans.

Til denne konserten er det ikkje naudsynt med noko særskilt førebuing.

Lukke til!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Kouame Sereba
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • I samarbeid med: Rikskonsertene
  • Idé/ opplegg: Kouame Sereba

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Kouame Sereba kom til Noreg frå Elfenbeinskysten i Vest-Afrika i 1983. Han er dansar, pedagog, instruktør, kurshaldar og verdsmusikar. I Noreg har han jobba med musikk innan eit stort mangfald, og er ein av dei utøvarane som har reist mest for Rikskonsertane/Kulturtanken i heile landet. Han er mykje nytta på kurs der målet er å frigjere og bevisstgjere dei leikande rytmane som er i oss alle. Kouame Sereba har i tillegg hatt ei rekkje barnehageturnear, også i Sogn og Fjordane. Han har medverka i CD-prosjektet «Fra Setesdal til Senegal», og er fast medlem i gruppa DOZO som spelar musikk i skjæringspunktet mellom fleire afrikanske musikktradisjonar og improviserande musikk. Han spelar også i gruppa ZIKALO som gjesta ungdomsskulane i fylket for nokre år sidan. Han har samarbeidd mykje med andre norske musikarar, m.a. Kirsten Bråten Berg, Steinar Ofsdal og Erik Wøllo. I 2016 gav han ut boka "Become the teacher they will never forget", ei bok som handlar om formidling til born. Dessutan er Kouame onkelen til Nico i Nico & Vinz.

Du finn meir informasjon om Kouame på www.kouamesereba.com

Multimedia og vedlegg

Bilete

Kuame
Foto: Rikskonsertene
Musikk / World Music, tradisjonell
Trinn: 3 år - 5 år
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Kouame Sereba, mob. 900 62 914
Programlengde
40 minutt
Maks publikumsantal
50
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
20 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no