Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Luison og Cuba (SM)
Produksjonsliste
Program

Luison og Cuba (SM)

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Cubanske rytmar med høg salsafaktor

Det er ikkje lett å sitte stille når cubanske rytmar frå denne trioen slepp til! Bandet Luisón og Cuba spelar tradisjonell Cubansk musikk, same sjanger som her til lands er best kjend igjennom Buena Vista Social Club og latinobylga som feia inn over landet på 90-talet. Sjefen i bandet er den kubanske perkusjonisten, songaren og komponisten Luisón Medina Capote. Han har som musikar ein litt uvanleg bakgrunn som profesjonell fotballspelar med mange landskamper for Cuba bak seg. På konserten vil både musikken og bileta gje publikum ein smakebit frå Luison sine barne- og ungdomsår på Cuba, og elevane vil vert introdusert for både cubansk musikk og dans.

GOD KONSERT!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Bearbeiding for målgruppe 1.-7. trinn: musikkprodusent Ola Sundström, AAbk.
  • Idé/ opplegg: Luison Medina Capote i samarbeid med musikkprodusent Kristin Løseth Waade, Nord-Trøndelag fylkeskommune. Musikkprodusent Ola Sundström, Aust-Agder kulturformidling har bearbeidd konserten for 1-7. steget i samarbeid med musikarane.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Med seg på konserten har Luison Capote to kompetente cubanske musikarar. På piano finn vi stockholmbaserte Ricardo Ortega fra Cuba, han er utdanna frå Cuba (National Scool of art). Frå han vart uteksaminert i 1990 har han spelt og turnert verda rundt med m.a Maykel Blanco og bandet Azucar Negra i tillegg til å ha sitt eget band i Sverige. På bass finn vi Yasser Morejon Pino (København/Cuba). Han har vore med på et 20-tals plateinnspelingar og spelt med nokre av latinoverda sine store navn som til dømes Alexander Abreu (Havana d'Primera).


Medverkande

  • Luisin Medina Capote (perkusjon, sang)
  • Ricardo Ortega (el-piano)
  • Yasser Morejon Pino (bass)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Luison og Cuba -bildeutklipp fra word-dokument.jpg
Luison og Cuba.jpg
Foto: Ola Sundström, AAbk.
Musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Musikkprodusent Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33  e-post:  oyvind.lyslo@sfj.no
Kontaktperson utøvar
Luison Medina Capote, tlf 92815077  e-post: luison.capote@gmail.com
Programlengde
40 minutt
Arena / rom
Gymsalen ved skulen eller anna eigna konsertlokale
Berehjelp
4 sterke elevar
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
30 min.
Straum
Musikerne trenger tilgang til strømuttak, 2 x 16 Ampere.
Scene
Musikerne bruker langsiden i gymsalen, og elevene sit i eit amfi i vifteform av matter, benkar og stolrekkjer.
Merknad
FørearbeidTrioen, som byr på songar og rytmer frå heimlandet sitt Cuba, ynskjer at skulen på førehand finn ein norsk song som alle elevane kan synge. Musikarane har lyst til å spele og fargelegge denne norske songen med sine eigne rytmar og klangar saman med elevenane sin allsong på konserten.I tillegg ynskjer musikarane at elevane skal lære seg refrenget på "Guantanamera", slik at dei kan synge i lag med bandet på konserten. Denne aktiviteten høver kanskje best som førebuing for dei minste elevane (1-4 steget), men også 5-7 steget må sjølvsagt vere med å synge. Guantanamera, Guajira Guantanamera (x2)(Lydskrift: "Goantanamera, Goahira Goantanamera")Praktisk konsertførebuing
  • Blending av konsertlokalet er ynskjeleg då det vil vere film- og bildeframsyning undervegs i konserten
  • Musikarane treng straumuttak tilgjengeleg
  • Legg gjerne ut skøyteledning
  • Langveggen i gymsalen er ynskjeleg som scene
  • Sett ut stolar i vifteform framfor scena
  • Sett gjerne fram vatn og kaffi/te til musikarane når dei kjem, det er alltid populært 
  • Salen må ha ein romtemperatur på omlag 20 grader
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Bearbeiding for målgruppe 1.-7. trinn: musikkprodusent Ola Sundström, AAbk.
Medverkande
  • Luisin Medina Capote (perkusjon, sang)
  • Ricardo Ortega (el-piano)
  • Yasser Morejon Pino (bass)