Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
SPETAKKEL 2018
Produksjonsliste
Program

SPETAKKEL 2018

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

SPETAKKEL 2018 er ein eindags-festival for elevar i 1-7 klasse i kommunane Flora, Førde, Naustdal, Gaular og Jølster som skal spegle det store mangfaldet innan Den kulturelle skulesekken. Festivalen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kulturtanken og Ultimafestivalen. Det er også lagt opp til eit samarbeid med kulturskulane, og skulane i dei aktuelle kommunane vil vere viktige medspelarar. Festivalen går føre seg tysdag 24. april på Westcon-verftet i Florø og på Hellenes (gamle Ankerløkken) i Førde torsdag 26. april. 

UTDRAG FRÅ PROGRAMMET

  • GISP! er ei fargerik og visuell forestilling full av kontrastar, med kinesisk musikk som spenner frå det imponerande og heftige til det vakre og rolege. Her får du høyre voldsomme trommesoloar med trommer som er fleire tusen år gamle, fløytespel i duse harmoniar og halsbrekkande framføringar på tradisjonelle kinesiske strengeinstrument. I forestillinga møter du også sjongløren Liu Kun, som rett og slett er ein av verdas beste: Han er den i verda som klarar å ha flest ringar i lufta på same tid! Meir om programmet


  • LUISON OG CUBA - Det er ikkje lett å sitte stille når cubanske rytmar frå denne kvartetten slepp til! Bandet Luisón og Cuba spelar tradisjonell Cubansk musikk. Sjefen i bandet heiter Luison og han er tidlegare profesjonell fotballspelar på cubanske landslaget. På konserten vil publikum få ein smakebit frå Luison sine barne- og ungdomsår på Cuba, og elevane vil vert introdusert for både cubansk salsa og dans. Meir om programmet


  • DESIBEL - Desibel er eit mobilt støykunstprosjekt. Det vart laga i høve Vevringutstillinga sitt 30-års jubileum 2009. Desibel er ein enorm høgtalar som veg 2 tonn og som er 10 meter lang. Lyden frå Desibel kan kome opp i heile 130 db. Då skal ein helst ikkje stå for nær. Samanlikning av ulike lydkjelder:  30 dB Kviskring - 60 dB Vanleg samtale - 85 dB Høgste tilletne støynivå i arbeidslivet - 90 dB Motorsykkel -  100 dB Symfoniorkester i sterke parti - 110 dB Høgt tordenskrall - 120 dB Rockeband med fullt trøkk - 130 dB Fly som tar av på nært hald. 

PRAKTISK INFORMASJON

Det vil bli sett opp busstransport for elevar som ikkje er innanfor gåavstand til dei to verfta i høvesvis Florø og Førde. Detaljert informasjon om busstransporten vert formidla i god tid.  

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: DKS-festival i Sunnfjord i samarbeid med Kulturtanken og Ultimafestivalen

Multimedia og vedlegg

Bilete

Kraner i solnedgang
Foto: Martin Fjellanger
Verftet i Førde
Foto: Arne Stubhaug
Verftet i Florø
Foto: Westcon Florø
Verftet i Florø
Foto: Westcon Florø
Kunstarter i samspill, Musikk
Trinn: 1 - 7
Turnéplan: SPETAKKEL 2018
Praktisk informasjon
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune