Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Fugletribunalet
Produksjonsliste
Program

Fugletribunalet

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

I Fugletribunalet treff vi Alis. Hendingar i livet hennar har gjort henne sky og sjølvstraffande. Ho er på flukt frå sitt eige liv. I ein avsides vestlandsfjord finn ho eit nytt tilvære med den mystiske Sigurd Bagge. Akkurat som ho, ber Bagge også på ei hending han sonar. Som Bagge sin hushjelp, deler ho hans heim og eit taust felleskap. Etterkvart som tida går, vert to ting meir og meir påtrengande. Det eine er at Bagge skjuler ein stor løyndom. Det andre er at dragninga mot han setter djupare og djupare spor i henne. Fugletribunalet er ei thrillerprega og lada forteljing om skuld og utfriing.

Etter ein sterk debut med "Veke 53", sette forfattar Agnes Ravatn seg tydeleg på kartet som ei ny stemme i den vestnorske litteraturen. I sine tekstar går ho tett inn på dei menneskelege vegskilja, og korleis samspel med andre også er sterkt betinga av eige sjølvbilete og livssituasjon. Ho evner å etablere eit blikk som både går ut i samfunn og relasjonar, men samstundes er sterkt forankra i hovudpersonen sin sjølvrefleksjon. Her treff ho noko grunnleggande menneskeleg – og kanskje er det noko av forklaringa på Ravatn si store popularitet. Mange kan kjenne seg igjen i karakterane hennar. 

Lærarrettleiing

Bøker til skulane

Boka "Fugletribunalet" ligg no klar ved skulebiblioteka. Ved å kontakte biblioteka, kan skulane få eit mindre antal bøker til odel og eige. Boka finst også som ebok gjennom appen eBokbib. Per dags dato er det 6 ledige eksemplar der. 

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Idé/ opplegg:
    AV Agnes Ravatn
    DRAMATISERT AV Ingrid Weme Nilsen
    REGI Trond Lie
    SCENOGRAFI/KOSTYME Kari Gravklev
    LYSDESIGN Krystian Myska

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Kyrre Eikås Ottersen
  • Anne Guri Tvedt
  • Atle Hoff
  • Stephanie Mowinckel

Multimedia og vedlegg

Bilete

image010.jpg
Fugletribunalet
Fugletribunalet
Foto: Oddleiv Apneseth
Scenekunst
Trinn: VG2 - VG3
Turnéplan: Fugletribunalet
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Kontaktperson DKS: Trygve Apalset  tlf: 41530883   Trygve.Apalset@sfj.no
Programlengde
90 minutt
Litteratur
Boka "Fugletribunalet" ligg no klar ved skulebiblioteka. Ved å kontakte biblioteka, kan skulane få eit mindre antal bøker til odel og eige. Boka finst også som ebok gjennom appen eBokbib. Per dags dato er det 6 ledige eksemplar der. 
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Medverkande
  • Kyrre Eikås Ottersen
  • Anne Guri Tvedt
  • Atle Hoff
  • Stephanie Mowinckel